Jorunn Skaldmøy (Jórunn skáldmær) var ein skald som levde og dikta på Harald Hårfagre si tid, truleg i byrjinga av 900-talet.

Opphavet til skaldskapen: i ørne-ham stal Odin skaldskapsmjøden frå jotnen Suttung, og gav han til æsene og dei folk som kan dikte.
(Illustrasjonen er frå ein biletsteinGotland)

Ho er ein av dei få kvinnelege skaldane vi kjenner til frå norrøn tid. Ikkje noko om hennar liv er kjent, anna enn at ho gjorde eit dikt som blir kalla «Sendebit» (Sendibítr)[1][2] som handlar om ufreden mellom kong Harald Hårfagre og sonen Halvdan Svarte. Berre fem vers av diktet er overlevert, men er likevel det lengste skaldekvadet ein kjenner til, som er gjort av ei kvinne.

I «Soga om Harald Hårfagre»[3] har Snorre sitert eit av versa frå Sendebit og han har òg teke med eit av versa hennar i Skaldskaparmål[4] .

Utan at ein veit det sikkert, blir Jorunn Skaldmøy oftast rekna som ein norsk skald og tilnamnet hennar kan tyde på at ho var ei ung, ugift kvinne då ho gjorde skaldekvad.

Referansar endre

  1. Sendebit av Jorunn Skaldmøy (Skaldic Project)
  2. Tydinga av namnet er uviss, men ein har gissa på «bitande sending».
  3. Soga om Harald Hårfagre (Snorres kongesoger) red. Finn Hødnebø og Hallvard Magerøy (Oslo 1993) ISBN 8252141390
  4. Skaldskaparmål (Den yngre Edda)

Bakgrunnsstoff endre