Jorunn Tangen Hole
Jorunn Tangen Hole (fødd 17. juni 1961) er ein norsk tidlegare diskoskastar som i 1981 vart norsk meister i øvinga. I åra frå 1979 til 1998 tok ho 17 medaljar (1-9-8) i norske meisterskap.
Jorunn Tangen Hole | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 17. juni 1961 (63 år) |
Idrett | friidrett |
Jorunn Tangen kom på tredjeplass i noregsmeisterskapen i friidrett både i 1979 og 1980. Med eit bestekast på 48,66 meter sikra ho seg gullmedaljen då NM i friidrett 1981 vart avvikla i Haugesund. Sidan sanka ho nesten årleg anten sølv- eller bronsemedaljen i noregsmeisterskap. Frå 1984 måtte Tangen finne seg i å stå i skuggen av Mette Bergmann, tidenes beste norske kvinnelege diskoskastar som vann 17 NM-finalar i rad.
Jorunn Tangen Hole var medlem i IF Sturla til 1995, sidan i Røyken og Spikkestad. Ho sette personleg rekord med 52,64 meter ved eit nasjonalt stemne i Spikkestad 7. september 1988, einast fem norske kvinner hadde kasta lengre per 2020.
I 1987 gifta Jorunn Tangen seg med trenaren sin, Iver Hole.