Iver Hole
Iver Hole (fødd 26. desember 1944) er ein norsk skulemann og tidlegare idrettsutøvar frå Spikkestad i Akershus. Han var norsk rekordhaldar i diskoskasting frå august 1970 til september 1971. Åra 1968-75 deltok han i 12 landskampar. Hole var i alle år medlem i IK Tjalve.
Iver Hole | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 26. desember 1944 (79 år) |
Idrett | friidrett |
Hole kasta diskosen 50,40 meter i 1966. To år seinare flytta han den personlege rekorden til 51,30 m. Etter å ha forbetra seg seg til 53,10 m sommaren 1970, nådde han sensasjonelle 59,54 meter i Malmö den 11. august. Under særleg gunstige kast-tilhøve vart han andremann i eit stemne der Ricky Bruch sigra med 65,75 m. I det same stemnet sette Tormod Lislerud norsk rekord med 57,18 m, før Hole kom med sitt rekordkast. Lislerud tok over som norsk rekordhaldar i september 1971.
På 1980-talet var Hole trenaren til Jorunn Tangen, som han vart gift med i 1987. Seinare trente han også Mette Bergmann.
Medaljar i noregsmeisterskap
endre- 1972 i Stavanger: Sølvmedalje
- 1973 i Trondheim: Bronsemedalje
- 1974 i Hønefoss: Bronsemedalje
- 1976 i Askim: Bronsemedalje
Hole var lærar ved Spikkestad ungdomsskole frå 1966. Frå 1983 til han gjekk av med pensjon i 2014 var han rektor ved Slemmestad ungdomsskole.