Mette Bergmann (fødd 9. november 1962) er ein norsk tidlegare diskoskastar frå Kråkerøy i Fredrikstad. Frå 1984 til 2000 vann ho NM i diskoskast 17 gonger på rad. Den beste plasseringa hennar frå internasjonale meisterskap er bronseplassen i EM i 1994. Bergmann har hatt den norske rekorden i diskos for kvinner sidan 1984 og forbetra han mange gonger. Den gjeldande rekorden på 69,68 m. sette ho i Florø i 1995. Sleggjekast for kvinner vart NM-øving i 1996 og ho deltok i dei fem fyrste NM-tevlingane i øvinga og tok medalje kvar gong; ein gull, to sylv og to bronse. Bergmann er utdanna sjukepleiar.

Mette Bergmann


Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. november 1962 (61 år)
Kråkerøy
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992

Utmerkingar

Kongepokal, Kongepokal

Meritt endre

  • 2 kongepokalar
  • NM 1983 – Bronse i diskos
  • NM 1984 – Gull i diskos
  • NM 1985 – Gull i diskos
  • NM 1986 – Gull i diskos
  • EM i styrkeløft 1986 – Sylv i styrkeløft
  • NM 1987 – Gull i diskos
  • NM 1988 – Gull i diskos
  • NM 1989 – Gull i diskos
  • NM 1990 – Gull i diskos
  • NM 1991 – Gull i diskos
  • NM 1992 – Gull i diskos
  • NM 1993 – Gull i diskos
  • NM 1994 – Gull i diskos
  • EM 1994 – Bronse i diskos
  • NM 1995 – Gull i diskos
  • VM 1995 – 6. plass i diskos
  • NM 1996 – Gull i diskos
  • NM 1996 – Gull i slegge
  • NM 1997 – Gull i diskos
  • NM 1997 – Sylv i slegge
  • NM 1998 – Gull i diskos
  • NM 1998 – Bronse i slegge
  • NM 1999 – Gull i diskos
  • NM 1999 – Sylv i slegge
  • NM 2000 – Gull i diskos
  • NM 2000 – Bronse i slegge
  • Gjeldande norsk rekord i diskos, 69,68 frå 1995.

Bakgrunnsstoff endre