José Ángel Iribar

spansk fotballspelar

José Ángel Iribar Cortajarena (fødd 1. mars 1943) er ein tidlegare fotballspelar frå Gipuzkoa-provinsen i Spania. Målvakta vart europameister med Spania i 1964 og var i stallen til Athletic Bilbao i åra 1962 til 1980.

José Ángel Iribar


Statsborgarskap Spania
Fødd 1. mars 1943 (81 år)
Zarauz
Idrett fotball
Tok del i VM i fotball 1966, EM i fotball 1964
Utmerkingar Bilboko Aste Nagusiko pregoilari, Lauaxeta Award

Karriere

endre

Klubbspel

endre

Iribar kom til Athletic Bilbao i 1962 og spelte fyrste sesongen tre kampar i La Liga. Sesongen etter vart han lagets fyrstemålvakt, ein post han hadde dei neste 16 åra. Med Athletic Bilbao vann han den spanske cupen 1969 og 1973. Sesongen 1970/71 slepte han ikkje inn mål i ti rake heimekampar. I 1977 tok laget seg til finalen i UEFA-cupen der det enda med tap mot italienske Juventus. Han la opp i 1980 etter totalt 614 kampar i klubben.

Landslagsspel

endre

Iribar landslagsdebuterte for Spania i ein EM-kvalifiseringskamp mot Irland i mars 1964. Han vart snøgt fyrsteval til målvaktsplassen i landslaget og spelte begge EM-kampane, semifinalen og finalen, då Spania vann fotball-EM 1964 på heimebane i Madrid. Iribar vakta også Spanias mål under VM i fotball 1966. I tida 1964-76 stod han 49 landskampar mellom stengene.

Merittar

endre
  • Europameister: 1964 med Spania
  • Spansk cupmeister: 1969 og 1973 med Athletic Bilbao
  • Tapande UEFA-finalist: 1977 med Atheltic Bilbao

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: José Ángel Iribar