Joshua King

norsk fotballspelar

Joshua Christian Kojo King (fødd 15. januar 1992) er ein norsk fotballspelar frå Oslo som i perioden 2012-18 har delteke i 37 landskampar for Noreg. Han har skåra 12 landslagsmål. King har aldri spelt for norske klubblag. Frå 2015 har han spela for AFC Bournemouth.[3]

Joshua King
Chelsea 0 Bournemouth 1.jpg
Fødd 15. januar 1992
Fødestad Oslo
Klubbinformasjon
Noverande lag
Bournemouth
Nummer 7
Ungdomsklubbar
1998–2006 Romsås
2006–2008 Vålerenga
2008–2010 Manchester United
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2009–2013 Manchester United 0 (0)
2010 → Preston (lån) 8 (0)
2011 → Borussia MG (lån) 2 (0)
2011 → Gladbach II (lån) 4 (2)
2012 → Hull (lån) 18 (1)
2012 → Blackburn (lån) 8 (2)
2013–2015 Blackburn 56 (3)
2015– Bournemouth 154 (46)
Landslag
2007 Noreg U15 4 (2)
2008 Noreg U16 3 (1)
2009 Noreg U18 2 (2)
2010 Noreg U19 2 (1)
2011-2013 Noreg U21 8 (1)
2012– Noreg 46 (17)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 18. november 2019 [2]
‡ Landslagsmål oppdatert 18. november 2019 [2]

King reiste til England som 17-åring, og trente med Manchester United. Han makta ikkje å spele seg inn på laget, så i åra fram til 2012 prøvde han seg i Preston, Borussia Mönchengladbach og Hull City, utan suksess. Hausten 2012 gjekk turen til Blackburn Rovers, der han fekk meir speletid. Sommaren 2015 vart han overført til for AFC Bournemouth, der han markerte seg som ein målfarleg spiss.

King fekk sin debut på Noregs landslag den 7. september 2012 i Reykjavik, han var innbytar då heimelaget vann 2-0 i ein VM-kvalifiseringskamp. Dei neste sesongane var han fast inventar i landslagtroppene, og vart jamt nytta, om enn ofte som innbytar. Han står med 17 mål for Noreg (2020).

KjelderEndra