Juan Crisóstomo Arriaga

spansk komponist

Juan Crisóstomo Jacobo Antonio de Arriaga y Balzola (27. januar 180617. januar  1826) var ein baskisk-spansk komponist. Han vart kalla «den spanske Mozart» etter han døydde, fordi han, som Wolfgang Amadeus Mozart, var eit vedunderbarn og ein dyktig komponist som døydde ung.

Juan Crisóstomo Arriaga
Juan de Arriaga.jpg
Juan Crisóstomo Arriaga
Fødd27. januar 1806
FødestadBilbao i Spania
Død17. januar 1826 (19 år)
DødsstadParis i Frankrike
FødenamnJuan Crisóstomo Jacobo Antonio de Arriaga y Balzola
OpphavSpania
PeriodeKlassisismen
Sjangerklassisk musikk
Instrumentfiolin
Verka somKomponist

LivEndra

Juan Crisóstomo Arriaga vart fødd i Bilbao i Bizkaia, på det som ville ha vore 50-årsdagen til Mozart. Faren og den eldre bror hans lærte han musikk. Han studerte så fiolin under Pierre Baillot, og kontrapunkt og harmoni under François-Joseph Fétis ved Paris Conservatoire. Han var så talentfull at han snart vart ein lærarassistent i klassen til Fétis. Han døydde i Paris, berre 19 år gammal av ein lungesjukdom eller utmatting, kanskje av begge.

MusikkEndra

Det er ikkje mykje musikk etter Arriaga som har overlevd fram til i dag, sidan han døydde så ung. Av det ein har finn ein:

  • Opera: Arriaga skreiv ein opera, Los esclavos felices («Dei lukkelege slavane»), i 1820 då han vart 13. Denne vart framført med suksess i Bilbao, men berre overturen og nokre små delar av han finst i dag.
  • Symfoni: Arriaga komponert ein Symfoni i D—som nyttar D-dur og d-moll likt, slik at han er i verken den eine eller andre nøkkelen.
  • Strykekvartettar: Arriaga skreiv tre gnistrande og idiomatiske strykekvartettar då han var 18. Desse strykekvartettane er dei einaste verka hans som vart publiserte medan han levde.
  • Andre verk: I tillegg til dei som alt er nemnde skreiv Arriaga:
    • Ein oktett (Nada y Mucho)
    • Noko kyrkjemusikk (ei messe (tapt), Stabat Mater, Salve Regina, Et vitam venturi saeculi (tapt)), kantatar (Agar, Erminia, All' Aurora, Patria, La Hungara)
    • Instrumentalverk (ein nonette, Tres Estudios de Caracter for piano, og mange romansar).
 
Teatro Arriaga i Bilbao er eit av sentera for augustfestivalen i byen.

Musikken til Arriaga er skildra som «elegant og fullendt og kjend for den harmoniske varmen» (New Grove Concise Dictionary of Music). Det er ikkje noko særskild spansk eller baskisk i musikken til Arriaga. Han er heller internasjonal (europeisk) frå perioden seint i klassisismen frå Mozart til tidleg i romantikken og den unge Beethoven.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Juan Crisóstomo Arriaga