Opna hovudmenyen

Juan Manuel Santos Calderón (fødd 10. august 1951) er ein colombiansk journalist, økonom og konservativ politikar som har vore president i Colombia sidan august 2010. Han representerer Partido Social de Unidad Nacional («det sosiale partiet for nasjonal eining», også kalla Partido de la U eller «U-partiet»), som Santos er ein av grunnleggjarane og leiarane av.

Juan Manue Santos
Juan Manuel Santos and Lula (cropped).jpg
Fødd 10. august 1951 (68 år)

Bogotá i Colombia

Parti Partido Social de Unidad Nacional
1. verv President i Colombia
 - periode 7. august 2010–
 - føregangar Álvaro Uribe
2. verv Forsvarsminister i Colombia
 - periode 7. august 2006-22. mai 2009
 - etterfylgjar Gabriel Silva Luján
3. verv Minister for finans og offentleg kreditt
 - periode 7. august 2000-7. august 2002
 - etterfylgjar Roberto Junguito Bonnet

Santos blei vald til å vera president i landet frå 7. august 2010 til 7. august 2014 etter å ha sigra over motkandidaten Antanas Mockus i det nasjonale presidentvalget i 2010. Under presidentvalget i 2014 blei han gjenvald for fire nye år, etter å ha sigra over Óscar Iván Zúñiga (CD) i andre valgrunde.

Juan Manuel Santos har tidlegare vore forsvarsminister i Colombia. Han var då involvert i fleire politiske skandalar, som ein intervensjon i Ecuador mot FARC-geriljaen). Han har også vore minister for finans og offentleg kreditt.

Santos kjem frå ein velståande og svært tradisjonell colombiansk familie. Grandonkelen hans Eduardo Santos var den 20. presidenten i landet frå 1938 til 1942, medan fetteren Francisco Santos Calderón var visepresident under Álvaro Uribe.

Santos vart tildelt Nobels fredspris i 2016.[1]

KjelderEndra