Juan Sánchez Cotán

Juan Sánchez Cotán (25. juni 15608. september 1627) var ein spansk målar frå Orgaz i Toledo, best kjend som målar av stilleben.

Juan Sánchez Cotán
Statsborgarskap Spania
Fødd 25. juni 1560
Orgaz
Død

8. september 1627 (67 år)
Granada

Yrke kunstmålar
Språk spansk
Juan Sánchez Cotán på Commons
Stilleben med vilt, grønsaker og frukt, 1602

Liv og gjerning endre

Cotán var ein av dei viktigaste stilleben-målarane i Spania på 1600-talet. Biletet Stilleben med vilt, grønsaker og frukt er det eldste kjende spanske stilleben. Måleria hans er gjenkjennelege med sine karakteristiske steinfat dekte med grønsaker og vilt, eller dei syner opphengde frukter og vilt. Han måla fata i forkant, for så å fylle desse med gjenstandane. Desse bileta kom til å danne standard for det tidlege spanske stilleben, former som andre seinare vidareførte.

Cotán var truleg elev av Blas de Prado. Han budde lenge i Toledo, der han laga historiemåleri og portrett. Kring hundreårsskiftet byrja han å nærme seg stilleben-sjangeren, sannsynlegvis baserte han bileta sine også på klassiske førebilete som han fann i romersk mosaikk.

I august 1603 la Cotán ned verkstaden sin og gjekk i Kartäuserkloster Santa Maria de El Paular i Rascafría. Der måla han religiøse motiv. År 1612 reiste han til klosteret Cartuja de Granada i Granada for å verte munk. Året etter tok han plass som klosterbror i same klosteret. I klosteret heldt han fram med å måle.

Trass i det innskrenka klosterlivet påverka Cotán fleire spanske målarar tidleg på 1600-talet. Særleg inspirerte han mange av dei stillleben-målarane som kom etter han. Til dømes kopierte Juan van der Hamen y León i bileta sine dei enkelte gjenstandane som Cotán nytta i sine måleri.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre