Jules Breton

Jules Adolphe Aimé Louis Breton (1. mai 18275. juli 1906) var ein fransk målar og forfattar frå landsbyen Courrières i departementet Pas-de-Calais. Han er kjend for sine vakre, kjenslevare bilete av livet på landsbygda, skapt innanfor ein realistisk tradisjon i målarkunsten.

Jules Breton
Jules Breton.jpg
Fødd 1. mai 1827
Courrières
Død

5. juli 1906 (79 år)
Paris

Yrke kunstmålar, skribent, lyrikar
Språk fransk
Ektefelle Élodie Breton
Born Virginie Demont-Breton
Jules Breton på Commons

Liv og gjerningEndra

 
'Songen til lerka' (1884)
 
Bretonsk kvinne med lys (ca. 1869).
 
Ein Golgata-kross vert reist 1859
 
Skurfolket vert kalla inn, 1859

Breton var lærling hos Felix de Vigne og seinare av mellom andre Michel Martin Drolling. Etter å ha måla historiske tema henta Breton motiva sine oftast frå dei nære, landlege omgivnadene. Han måla bønder og byfolk i den gamle provinsen Artois opptekne med sine daglege gjeremål, for det meste ute i det fri. Desse enkle motiva formidla han gjennom ei vár kjensle for tilhøvet mellom figurar og landskap, somme tider i ei nærast opphøgd ro. Fargebruken i bileta er stemningsmetta og kraftig, modelleringa skarp og plastisk.

Han fekk sitt definitive gjennombrot i 1857 med måleriet Velsigninga av åkrane, noko som vart forsterka med det tematisk like biletet Ettersankar frå 1859. Same året fullførte han både Ein Golgata-kross vert reist, og det humoristiske Den blå måndagen, der kvinner hentar mennene sine ut frå skjenkestaden. Utover 1860-åra laga han ei rad sentrale verk, som Vinhaust, Beitande kalkunar og vaktjente, medan måleriet Skurkjerringar etter solnedgangen frå 1865 er sjølve hovudverket i hans produksjon. På verdsutstillinga i 1867 presenterte han Skur-kar kvesser ljåen og Kjelda ved sjøen, kvinner og born. Breton sine skildringar av bønder i arbeid på åkrane kan nok minne om Jean-François Millet, men dei er meir idealiserte i uttrykket.

Breton gav elles ut Oeuvres poétiques (Poetiske verk, 1887), og ein sjølvbiografi i 1890. Han var medlem av Académie des beaux-arts i Paris frå 1886 og vart heidersmedlem av Royal Academy of Arts i London i 1899. Også broren Émile Breton (1831-1902) var landskapsmålar.

Breton døydde i Paris sommaren 1906, 79 år gammal.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Jules Breton