Julestjerne
- Denne artikkelen handlar om planten. For lyspynten, sjå adventsstjerne. For stjerna i julesoga, sjå Betlehemsstjerna.
Julestjerne (Euphorbia pulcherrima) er ein plante som opphavleg kjem frå Mexico. I varme strok veks julestjerna utandørs og kan bli opptil 4-5 meter høg. I Noreg vert ho dyrka som potteplante. Naturleg er blada på toppen raude; men som kulturplante vert det dyrka fram både rosa, lilla, kvite og sjatterte julestjerner.
Julestjerne | |
Julestjerne | |
Status | |
Status i verda: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Orden: | Vierordenen Malpighiales |
Familie: | Vortemjølkfamilien Euphorbiaceae |
Understamme: | Euphorbiinae |
Slekt: | Vortemjølkslekta Euphorbia |
Underslekt: | Chamaesyce |
Seksjon: | Poinsettia |
Art: | Julestjerne E. pulcherrima |
Vitskapleg namn | |
Euphorbia pulcherrima |
Dei eigentlege blomstrane er små og heiter chyatier.
I Noreg vert det årleg seld om lag 6 millionar julestjerner. Dei fleste vert kasta etter jul, men overlever ho vinteren, kan ein plante ho ut. Det vil då komme nye grøne blad over dei raude. Dersom ein tar planten inn om hausten, og sørgjer for at han då får minst 12 timar mørke kvar natt, kan han blomstre på nytt.
Det engelske namnet Poinsettia har planten fått etter botanikaren Joel Roberts Poinsett (d. 12. desember 1851). Han var USA sin ambassadør i Mexico då han oppdaga denne planten i 1820-åra.