Julia Dream
Singel av Pink Floyd
frå albumet Relics
A-side

«It Would Be So Nice»

Språk engelsk
Utgjeve 12. april 1968
Innspelt 13. februar 1968
Studio Abbey Road Studios i London
Sjanger Psykedelisk folk
Lengd 2:37
Selskap Columbia (EMI) (Storbritannia)
Tower/Capitol (USA)
Komponist Roger Waters
Tekstforfattar Roger Waters
Låtskrivar(ar) Roger Waters
Produsent Norman Smith
Pink Floyd-kronologi 
«Apples and Oranges»
(1967)
Julia Dream «Let There Be More Light»
(1968)


«Julia Dream» er ein song av Pink Floyd gjeven ut som B-sida til singelen «It Would Be So Nice» i 1968.[1][2] Songen var den første som vart spelt inn av bandet med solovokal av David Gilmour.

Låtskriving endre

Songen vart skriven av bassisten Roger Waters, «Julia Dream» har eit langsamt tempo, ein luftig, ambient Mellotron frå klaverspelaren Rick Wright og fyldig korvokal.

Tekstane på songen omfattar referansar til ein ederdunsdyne, noko som òg vert nemnt i to andre kjende Pink Floyd-songar – Syd Barrett sin «Flaming» og Gilmour/Waters sin «A Pillow of Winds». Linja «Am I really dying?» dukka opp att ti år seinare i songen «Mother» på albumet «The Wall».

Seinare utgjevingar endre

Songen vart sidan gjeven ut på fleire samlealbum: plateboksen The Early Years 1965–1972, The Best of Pink Floyd, Relics og plata The Early Singles som var med i plateboksen Shine On.

Medverkande endre

Andre versjonar endre

Kjelder endre

  1. Strong, Martin C. (2004). The Great Rock Discography (7th utg.). Edinburgh: Canongate Books. s. 1177. ISBN 1-84195-551-5. 
  2. Mabbett, Andy (1995). The Complete Guide to the Music of Pink Floyd. London: Omnibus Press. ISBN 0-7119-4301-X. 
  3. Mark Lanegan Statistics, setlist.fm.