Julia Gillard
Julia Eileen Gillard (fødd 29. september 1961) er ein australsk arbeidarpartipolitikar som var statsminister i Australia frå 2010 til 2013. Ho var Australias første kvinnelege statsminister og den første utanlandsfødde statsministeren sidan Billy Hughes.[1][2][3]
Julia Eileen Gillard | |
![]() | |
Fødd | 29. september 1961 (61 år) Barry i Wales i Storbritannia |
---|---|
Statsborgar av | Australia |
Parti | Australian Labor Party |
Yrke | politikar, advokat, deltakar i internasjonale forum |
Institusjonar | Slater and Gordon |
Utdanna ved | University of Adelaide Melbourne Law School Unley High School |
Sambuar | Tim Mathieson |
Verv | Statsminister i Australia 24. juni 2010–27. juni 2013 |
Føregangar | Kevin Rudd |
Etterfylgjar | Kevin Rudd |
BakgrunnEndra
Gillard er dotter av ein walisisk kolgruvearbeidar, og har Aneurin Bevan som eit politiske førebilete.[4]
Familien emigrerte til Australia i 1966 for å la Julia vekse i eit varmare klima på grunn av at ho hadde astma.[5] Dei busette seg i Adelaide. I 1978 vart Gillard uteksaminert frå Unley High School. Deretter studerte ho ved University of Adelaide før ho byrja studere kunst og juss ved University of Melbourne. Ho vart uteksaminert i 1986.
I 1987 byrja Gillard i advokatfirmaet Slater & Gordon i Werribee i Victoria, der ho arbeida innanfor arbeidsrett.[6] I 1990, då ho var 29 år, vart ho partnar i advokatfirmaet.[7]
Politisk virkeEndra
Gillard vart første gong vald inn i det australske parlamentet frå ein krets i Melbourne i 1998 og seinare gjenvald i 2001, 2004 og 2007.[8]
I 2006 vart Julia Gillard vald til nestleiar for Australian Labor Party og 24. juni 2010 vart ho leiar, etter at statsminister Kevin Rudd trekte seg som følgje av leiarstriden i partiet.[9]
Ho vant valet i Australia 2010 og vart statsminister. 26. juni 2013 tapte ho leiarvalet i partiet mot Kevin Rudd. Ho leverte deretter ein avskjedssøknad som statsminister, og Kevin Rudd overtok stillinga 27. juni 2013.
ReferansarEndra
- ↑ Christian Kerr og Matthew Franklin (13. juni 2010). «Julia Gillard 'honoured' to become prime minister as Kevin Rudd stands aside». Theaustralian.com.au. Henta 24. juni 2010.
- ↑ Craig James (20. juni 2010). «Julia Gillard – meet Australia’s first female PM». Switzer.com.au. Arkivert frå originalen 27. juni 2010. Henta 24. juni 2010.
- ↑ «Backgrounder: Julia Gillard, first female PM in Australia». News.xinhuanet.com. Henta 24. juni 2010.
- ↑ «Focus and ambition drive Gillard's success»[daud lenkje] Farm Weekly 24. juni 2010. Besøkt 24. juni 2010
- ↑ «Julia Gillard Interview Transcript» Australian Story 6. mars 2006. Besøkt 24. juni 2010
- ↑ «The Other Biography: Jacueline Kent's "The Making of Julia Gillard" by Christine Wallace». The Monthly. Schwartz Publishing. October 2009. Henta 24 juni 2010.
- ↑ Mark Davis (24. juni 2010). «Focus and ambition drive Gillard's success». farmonline.com.au. Henta 24. juni 2010.[daud lenkje]
- ↑ CV hos det australske parlamentet Arkivert 2012-02-07 ved Wayback Machine.. Besøkt 24. juni 2010
- ↑ «Julia Gillard er Australias første kvinnelige statsminister», Aftenposten 24. juni 2010. Besøkt 24. juni 2010