Julie Frederikke Back (10. januar 18167. desember 1880) var ein dansk-norsk skodespelar og dansepedagog.[1]

Julie Back
Fødd10. januar 1816
FødestadKøbenhavn
Død7. desember 1880 (64 år)
DødsstadKøbenhavn
Verka somskodespelar

Liv og virke endre

Bakgrunn endre

Julie Frederikke Back var fødd i København som dotter av skipskaptein Christian Marcher (1773-1830) og Christiane Magdalene Catharine Eleonore Rose (1788-1868). Ho var søster av operasongaren Louise Rudolfine Marcher (1818-1891, gift Sahlgreen).

Faren forliste med skip og mannskap i 1830, og etterlét familien i vanskelege kår. Julie vart gift 20. desember 1839 i Stavanger med skodespelaren og danselæraren Michael Nielsen Back (1813-1854).[2]

Skodespelar endre

Back var skodespelar hos Joachim Werner Weise i Bergen frå 1838. Frå 1841 var ho i Trondhjem hos Gustav Wilhelm Selmer. Frå hausten 1843 var ho igjen hos Weise, men denne gongen i Drammen. Saman med ektemannen og familien gjorde ho fleire reiser omkring i Noreg, tidvis knytte til ein trupp, tidvis utan. Dottera Emma var berre 8-9 år gammal då ho hjelpte foreldra ved ei aftanunderhaldning i Arendal i 1849.

I 1854-1855 gav Julie Back danseundervising i Drammen. Ho heldt fram same type verksemd i Trondhjem seinare i 1850-åra. Bortimot 1860 vende ho attende til fødebyen København.

Kjelder endre

  1. Kirkebok for København Sokkelund Trinitatis 68 (1861-1891) Døde (Qvindekjøn)
  2. Ministerialbok for Borre prestegjeld 1852-1862 (0717Q)