Julius Grasåsen

Norsk bonde og politikar

Julius Grasåsen (31. mars 18971986) var ein norsk bonde og politikar frå Vegårshei.

Julius Grasåsen
Fødd31. mars 1897
Død1986 (89 år)
Statsborgar avNoreg
Alle verv

I yngre år gjekk Grasåsen to år ved Holt landbruksskule og eitt år på Voss folkehøgskule. Elles arbeidde han på farsgarden, og han styrte Arendals-kontoret til Agder Tidend frå 1927 til 1929. Han tok deretter til som bureisingsmann og gardbrukar i heimbygda Vegårshei.

Grasåsen var fylkessekretær i Aust-Agder bondeparti frå 1924 til 38 og på ny 1947-49. Åra 1936-40 reiste han rundt og var tilsynsmann og talar for Norges Bondelag. Han var stortingsmann for Bondepartiet og Aust-Agder i perioden 1937-45, medlem av sosialkomiteen. Fylkesformann i Bondepartiet frå 1945 og samstundes medlem i landsstyret i partiet.

Grasåsen var gjennom heile livet oppteken av lokalhistorie og skipa i 1985 Vegårshei Bygdetun, som i tillegg fekk namnet Julius Grasåsens Samlingar.

Kjelder

endre