Jump blues er ein livleg, rask blues vanlegvis spelt av små band med blåseinstrument. Han var særs populær i 1940-åra. I nyare tid har det vore fornya interesse i jump blues som ein del av swing revival.

Opphav endre

Jump blues vart utvikla av storband som banda til Lionel Hampton og Lucky Millinder. Desse spelte tidleg i 1940-åra og produserte musikarar som Louis Jordan, Jack McVea, Earl Bostic og Arnett Cobb.[1]

Blues og jazz var ein del av den same musikalske verda, og mange dyktige musikarar stod i begge leirar.[2] Jump blues, eller berre «jump», var ei utviding av boogie woogie-bølgja.[3] Jump-band som Tympany Five, som starta samstundes med at boogie woogie igjen vart populært, fekk maksimal effekt med ein eight-to-the-bar boogie-woogie-stil.[4]

Ei tidleg jump blues-innspeling er «Boogie Woogie Bugle Boy» (1941) av The Andrews Sisters.

Lionel Hampton spelte inn ein livleg storband-blues, «Flying Home», i 1942. Han har ein sordin, skrikande tenorsaksofon og songen var ein hitt i «rasekategorien».[5] Då han kom ut skildra Billboard melodien som «ein uvanleg swingete song»[6]

Både Hampton og Jordan kombinerte den populære boogie woogie-rytmen, ein meir bestemt versjon av saksofonstilen frå swing-tida som ein kan høyre med Coleman Hawkins og Ben Webster, og leikande, muntre tekstar eller verbale merknader.[5] Etter kvart som denne jazz-baserte musikken vart meir populær, byrja både bluesartistar og jazzmusikarar som ønskte å «spele for folket» å nytte ein tung, pågåande rytme.

Jump oppnår med tre blåseinstrument og ein rytmeseksjon det eit storband gjer med eit ensemble på seksten. Tenorsaksofonen er det mest markante instrumentet i jump.[7]

Jump var enormt populært seint i 1940-åra og tidleg i 1950-åra med artistar som Louis Jordan, Big Joe Turner, Roy Brown, Billy Wright og Wynonie Harris.

Kjelder endre

  1. Dietsche, s. 9–10
  2. Wald, s. 198
  3. Cohn & Humphrey, s. 176
  4. Dietsche, s. 9
  5. 5,0 5,1 Palmer, s. 134
  6. Billboard June 17, 1944 carries an ad clearly listing Goodman as co writer of the song. s. 18.
  7. Dietsche, s. 11

Bakgrunnsstoff endre