Jurij Ljapkin (fødd 21. januar 1945) er ein russisk tidlegare ishockeyspelar frå Balasjikha i Moskva oblast. I tida 1971-76 vann han fire VM-gull og eitt OL-gull for Sovjetunionen.

Jurij Ljapkin
Statsborgarskap Sovjetunionen
Fødd 21. januar 1945 (79 år)
Balasjikha
Idrett ishockey
Tok del i

Vinter-OL 1976

Utmerkingar

«Arbeidets helt«-medaljen, Idrettens mester i Sovjetunionen

Forsvarsspelaren Ljapkin vart verdsmeister fyrste gongen i 1971. Sidan var han med i mannskapa som sigra i verdsmeisterskapen 1973, 1974, 1975. Frå Vinter-OL 1976 reiste han heim som olympisk meister, derimot måtte han nøye seg med sølv i Ishockey-VM 1976.

Ljapkin spelte på Kimik Voskresensk frå 1964 til -72, og på ny 1976-78. I mellomtida gjorde han teneste for Spartak Moskva frå 1972 til 1976, avslutta perioden med å verte sovjetisk seriemeister i 1976. 1978/79-sesongen var han atter å sjå i Spartak-drakt, før han avslutta som aktiv hos japanske Ōji Seishi i tida 1979-82.

Kjelder endre