Justyna Święty-Ersetic

Justyna Święty-Ersetic (fødd 3. desember 1992) er ein polsk friidrettsutøvar som i 2018 vart europameister på 400 meter. I den same meisterskapen vann ho også gullmedlaje i 4 x 400 m stafett for kvinner, medan ho i 2021 var med på å vinne OL-gull for Polen i 4 x 400 m mix-stafett.

Justyna Święty-Ersetic


Statsborgarskap Polen
Fødd 3. desember 1992 (32 år)
Racibórz
Idrett friidrett
Tok del i Sommar-OL 2012, Friidrett under Sommer-OL 2016 – 4 × 400 meter stafett kvinner, Friidrett under Sommer-OL 2020 – 4 × 400 meter stafett kvinner, Friidrett under Sommer-OL 2020 – 4 × 400 meter stafett blandet
Utmerkingar Medalje for 100-årsjubileet for å gjenvinne uavhengighet, offiser av Ordenen Polonia Restituta

Karriere

endre

Święty var med på alle Polen sine lag i 4 × 400 meter stafett frå Sommar-OL 2012, via VM 2013, EM 2014 (nr. 5), VM 2015, EM 2016 (nr. 4), OL 2016 (nr. 7), VM 2017 (nr. 3), EM 2018 (nr. 1), VM 2019 (nr. 2), Tokyo-OL 2021 (nr. 2), VM 2022 og til EM 2022 (nr. 2). Under europameisterskapen i Berlin sikra ho seg den 11. august gullmedaljen på 400 meter med livsbeste 50,41 sekund. Knapt to timar seinare var ho ankerkvinne for det polske laget, som elles bestod av Małgorzata Hołub-Kowalik, Iga Baumgart-Witan og Patrycja Wyciszkiewicz, som sigra i 4 x 400 meter stafett.

Ved dei olympiske leikane i Tokyo sommaren 2021 sprang Święty-Ersetic den tredje etappen for det polske mannskapet som vart olympiske meistrar i 4 x 400 meter mix-stafett. Karol Zalewski, Natalia Kaczmarek og Kajetan Duszyński tok seg av dei øvrige etappane. Ei veke etter var Święty-Ersetic ankerkvinne i 4 × 400 m stafett for kvinner, her vann ho sølv i lag med Kaczmarek, Baumgart-Witan og Hołub-Kowalik.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Justyna Święty-Ersetic