Kåre Ingebrigtsen

norsk fotballspelar og trenar

Kåre Hedley Ingebrigtsen (fødd 11. november 1965) er ein norsk fotballtrenar og tidlegare fotballspelar. Han var tidlegare hovudtrenar i Rosenborg Ballklub.

Kåre Ingebrigtsen


Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. november 1965 (58 år)
Trondheim
Idrett fotball

Spelarkarriere endre

Han spelte i ei årrekke for Rosenborg, og spelte også for Lillestrøm, Strømsgodset og Manchester City. Han blei cupmeister med Rosenborg i 1988, 1990 og 1992 og vart seriemeister med klubben i 1988, 1990 og 1992. Kåre Ingebrigtsen spelte i tillegg 23 kampar på A-landslaget og scora 1 mål. Han la opp i 1997 etter eit beinbrot.

Trenarkarriere endre

Kåre Ingebrigtsen var i 2007-sesongen trenar for 2. divisjonsklubben Ranheim som enda på tredjeplass i avdeling 2. Ved sesongslutt i 2. divisjon vart han henta inn som assistentrenar i Rosenborg for resten av tippeligasesongen, under Trond Henriksen, etter at Knut Tørum gjekk av som hovudtrenar. 1. november 2007 blei han tilsett som hovudtrenar i tippeligaklubben Bodø/Glimt.