Ranheim Fotball

fotballag frå Trondheim

Ranheim IL fotball Topp (RIL) (stifta 17. februar 1901), betre kjent som Ranheim Fotball, er ein norsk fotballklubb frå bydelen Ranheim i bykommunen Trondheim i Sør-Trøndelag, og frå 4. februar 2010 eit eige idrettslag under allianseidrettslaget Ranheim Idrettslag.[1]

Ranheim Fotball

Fullt namnRanheim Fotball
Grunnlagd17. februar 1901
HeimebaneEXTRA Arena
(kapasitet: 2000)
StyreleiarRune Venås
HovudtrenarKåre Ingebrigtsen
LigaOBOS-ligaen
Heimedrakt
Bortedrakt
Noverande sesong

Ranheim spelar i den nest høgaste divisjon i Noreg, OBOS-ligaen (2020). Laget har tidlegare spelt i Norgesserien og Hovedserien, men spelte i 2009 i 2. divisjon avdeling 4.

Noverande hovudtrenar er Kåre Ingebrigtsen.

Historie endre

Hovudlaget Ranheim Idrettslag vart stifta 17. februar 1901.

Ranheim spelte i Norgesserien sesongane 1937/38, 1938/39, 1939/40 og 1947/48, og i Hovedserien sesongane 1949/50, 1952/53, 1954/55 og 1955/56. Stordomstida til Ranheim var på slutten av 1940- og byrjinga av 1950-talet.

Organisasjon endre

I tillegg til at Ranheim Fotball er ein del av alliansen til Ranheim Idrettslag, er òg sjølve klubben delt inn i ulike avdelingar for fotballaktivitet. Det er tre hovudskilje; toppfotball, breiddefotball og miljøfotball, der toppfotballen er representert ved herrelaget og eliten blant juniorane, breiddefotballen ved kvinnelaget og diverse aldersbestemte lag bak elitelaget i juniorklassen og miljøfotballen ved lag for funksjonshemma, veteranar og øvrige.

Klubbfilosofi endre

Ranheim som idrettslag har i lang tid vore sentral i trøndersk og norsk idrettshistorie. Det er derimot fotballavdelinga som er den største greina i idrettslaget, og skal verke som eit knutepunkt mellom dei andre greinene i organisasjonen slik at det vert skapt samhald og tilhøyrsle i lokalområdet. Basert på gamle tradisjonar og nye impulsar skal fotballavdelinga vere i stadig utvikling, både sportsleg og organisatorisk.[2]

Hovudmålet til Ranheim har i lang tid vore å rykke opp i og etablere seg i Adeccoligaen. Samstundes er klubben klar på at de ikkje vil bruke pengar dei ikkje har. Før opprykket til Adeccoligaen var hovudtrenar Per Joar Hansen opptatt av at Ranheim ikkje skulle ha heiltidsspelarar i 2. divisjon, då høge spelarlønningar og ekspansiv økonomi ofte har ført til økonomisk krise i andre klubbar.[3] Òg etter opprykkssesongen gjekk Ranheim inn for å redusere spelarlønningane føre sin første sesong i Adeccoligaen, trass opprykk til noko som per definisjon vert kalla toppfotball med medførande mindre tid til jobb og skule ved sida av. Dette såg ut til å føre til ein spelarflukt frå klubben, og det var då òg ein del som drog, men etter kvart signerte dei fleste av dei som var ønska med vidare ny kontrakt.[4] Ranheim budsjetterte med 7,6 millionar kroner for debutsesongen i Adeccoligaen, ein auke på i underkant av tre millionar i forhold til førre sesong.[5][6]

Eit anna viktig haldepunkt for Ranheim er at spelarane skal ha sterk lokal tilknyting til klubben. Det vert sikta mot ein såkalla Athletic Bilbao-profil, der spelarstallen skal bestå av minst 90 prosent trønderar.[7] For Ranheim omfattar det å vere klubb nummer to i Trondheim og Trøndelag dermed at dei beste trønderske spelarane under Rosenborg sitt nivå – eller eventuelt Rosenborg-spelarar som treng ein passande arena for utvikling – samlar seg i klubben, slik at Ranheim sitt nivå blir merkbart betre enn rivaliserande lag på same eller lågare nivå i divisjonane i fotballhierarkiet.[8]

Stadion endre

For meir om dette emnet, sjå DNB Arena i Ranheim.

Heimebanen til Ranheim heter DNB Arena, tidlegare kjent som Ranheim Stadion. Den offisielle rekorden er på rundt 7 500, frå då Ranheim spelte ein avgjerande kamp for å vinne førstedivisjon i Trøndelag 30. mai 1949 mot Kvik Trondheim.[9]

Banen har gjennomgått diverse modifikasjonar sidan den gong, mellom anna innføring av grasbane i 1939 og gjenoppbygging av stadionet etter andre verdskrigen. I høvet opprykket til Adeccoligaen skal stadionet på nytt vidareutviklast. Dei seks første heimekampane til Ranheim i Adeccoligaen vart spelt i Abrahallen.[10] Første heimekamp for Ranheim i Adeccoligaen vart følgt av 490 betalande publikummarar i Abrahallen 11. april 2010.

Merittar endre

Seriemeisterskap (0) endre

Cupmeisterskap (0) endre

  • Kvartfinale (1): 2010

Anna endre

Vinterserien: 2006, 2007 og 2008

Toppscorarar endre

År Namn Mål
2007 Geir Holthe 19
2008 Geir Holthe 15
2009 Geir Holthe 14
2010 Robert Stene 10
2011 Jo Sondre Aas 16

Trenarar endre

Trenar Periode
Kåre Ingebrigtsen 2006–2007
Tore Grønning 2007–2008
Per Joar Hansen 2008–2010
Aasmund Bjørkan 2011–2012
Trond Nordsteien 2013-

Profilar endre

 

Seriestatistikk endre

Bøker endre

  • RIL Idrett gjennom 100 år av John A. Larsen

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «Ranheim IL etablert som Allianseidrettslag». RIL.no. Henta 16. mars 2010. 
  2. «Om klubben». RanheimFotball.no. Henta 13. mai 2013. 
  3. «- Skal ikke være heltidsspillere i 2. divisjon». Adressa.no. 8. april 2009. Henta 13. mai 2013. 
  4. «Opp en divisjon – tilbudt lavere lønn». Adressa.no. 2. desember 2009. Henta 13. mai 2013. 
  5. En eim av Petterøe's Blå. Adresseavisen 10. april 2010. Lest 13. mai 2013.
  6. «Mjøndalens altmuligmann». Adressa.no. 27. november 2009. Henta 13. mai 2013. 
  7. «Ja til Ranheim – nei til Hammarby». Adressa.no. 17. november 2009. Henta 13. mai 2013. 
  8. «- Kom til Ranheim». Adressa.no. 21. november 2008. Henta 13. mai 2013. 
  9. En eim av Petterøe's Blå. Adresseavisen 10. april 2010. Lest 10. april 2010.
  10. «Abrahallen blir hjemmearena». RanheimFotball.no. 9. mars 2010. Henta 13. mai 2013. 

Bakgrunnsstoff endre