Knut Tørum

norsk fotballspelar

Knut Kjartan Tørum (fødd 16. august 1971) er ein norsk fotballtrenar som for tida står utan jobb innan fotballen. Tørum er fødd i Bergen i 1971. Han var hovudtrenar i Rosenborg Ballklub frå 2006 til 2007 og førte mellom anna laget til seriegull i Tippeligaen 2006 og gruppespel i Champions League i 2007. Tørum var tidlegare trenar i Moss FK, der han hadde ein positiv sesong i 1. divisjon fotball for herrar 2005 då laget litt overraskande enda opp på 3. plass, og kvalifiseringsmogelegheit til Tippeligaen. Dei tapte kvalik-kampane mot Molde FK 2-5 samanlagt. Tørum har tidlegare vore assistenttrenar i Stabæk Fotball og Noreg gutar 19-landslaget.

Knut Tørum


Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. august 1971 (52 år)
Bergen
Idrett fotball
Utmerkingar

Kniksenprisen for årets trener

Tida i Rosenborg endre

I samband med Per-Mathias Høgmo si sjukemelding tok dåverande assistenttrenar Knut Tørum over hovudtrenaransvaret i Rosenborg ut 2006-sesongen. På slutten av sesongen gjorde Høgmo det offentleg at han trekker seg frå stillinga si, og Knut Tørum heldt difor fram som hovudtrenar og leia Trondheimsklubben til seriegull. Den påfylgjande 2007-sesongen gjekk derimot ikkje heilt etter planane for Tørum og Rosenborg Ballklub, dei forventa resultata utblei, og media spekulerte i ein mogleg sportsleg ueinigheit mellom Tørum og sportsdirektør i Rosenborg Knut Thorbjørn Eggen. I slutten av oktober 2007 gjekk sportsdirektøren ut i media og bekrefta at han var ueinig med trenar Knut Tørum om ein del ting. Få dagar seinare leia Tørum laget sitt til ein sensasjonell 2-0 siger i Champions League heime mot den spanske storklubben Valencia. Likevel blei bergensaren løyst frå kontrakta si 25. oktober 2007, dagen etter Valencia-triumfen.

  Denne idrettsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.