Kårstein Løvaas

norsk journalist og politikar

Kårstein Eidem Løvaas (fødd 11. oktober 1967) er ein norsk journalist og politikar frå Sandar i Sør-Odal, busett på Teie i Nøtterøy. Han er sidan oktober 2013 stortingsrepresentant for partiet Høgre frå Vestfold.

Kårstein Løvaas

Fødd10. november 1967 (57 år)
New Orleans
Statsborgar avNoreg, USA
PartiHøgre
Yrkejournalist, politikar, programleiar, lobbyist
MorVelaug Eidem Løvaas
Alle verv

Løvaas er utdanna ved befalsskule, og har studert sosialøkonomi ved Lunds universitet i Sverige. Frå 1994 til 2013 var han journalist og programleiar i radiostasjonen P4.

På 1980-talet var Løvaas politisk aktiv i Unge Høgre. Han medlem av Nøtterøy kommunestyre i perioden 2007-11, der han var leiar av hovudutvalet for oppvekst og kultur. Ved stortingsvalet i 2013 vart han innvald på Stortinget som fylkespartiet sin andrekandidat. Han var medlem av Familie- og kulturkomiteen.[1]

Kjelder

endre


Fotnotar