Kópavogur
Kópavogur (islandsk for «selungevika») er den nest største byen på Island, med eit folketal på 30 779 innbyggarar i 2008. Byen ligg sør for Reykjavík, i regionen Höfuðborgarsvæðið. Det offisielle namnet på kommunen er Kópavogsbær. Høgaste bygninga i Island er Smáratorg-tårnet som ligger i Smárahverfi bustadområde i Kópavogur. Her ligg også det største kjøpesenteret i Island, Smáralind. Byen består av bustadområde, men har mykje av kommersiell og industriell verksemd i tillegg. Namnet tyder selunge. Seglet til byen viser ein profil av kyrkja Kópavogskirkja med ein selunge på undersida. Byens eigne sportsklubbar er Gerpla, Breiðablik UBK og HK. Ordførar i Kópavogur er Guðrún Pálsdóttir. Kópavogur er vennskapsby med Trondheim.
Kópavogur | |||
by | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
![]() Kópavogur | |||
Wikimedia Commons: Kópavogur (city) | |||
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Kópavogur» frå Wikipedia på bokmål, den 18. august 2014.