Körös-ér
Körös-ér (på ungarsk) eller Kereš (på serbisk, kyrillisk Кереш) er ei elv sør i Ungarn og nord i Serbia. Elva er 70 km lang og ei av sideelvane til Tisza frå høgre. Ho renn gjennom Bačka i både Ungarn og Serbia (Vojvodina): 27 km i Ungarn, 15 km som grenseelv og 27 km i Serbia.
Körös-ér | |||
elv | |||
Land | Ungarn, Serbia | ||
---|---|---|---|
Lengd | 70 km | ||
Kjelde | Vest for Jánoshalma sør i Ungarn | ||
Munning | Tizsa | ||
• høgd | 76 moh. | ||
Körös-ér 46°22′32″N 19°23′53″E / 46.375444444444°N 19.398027777778°E | |||
Wikimedia Commons: Kereš/Kőrös |
Körös-ér har utspring i den ungarske delen av Subotička peščara, mellom byane Jánoshalma og Kiskunhalas. Vest for Kelebia vert Körös-ér ei grenseelv mellom dei to landa. Som Kereš renn ho nord for byen Subotica. Ho munnar ut i Tisza ved Adorjan, 76 moh.
Ved Subotica vert det dumpa mykje avfall i elva, som er særs forureina og den største foruereingskjelda til Tisza.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Körös-ér» frå Wikipedia på engelsk, den 25. september 2007.
Bakgrunnsstoff
endre- Kereš i Serbia Arkivert 2007-09-28 ved Wayback Machine.