Køyrefelt eller køyrefil er ein langsgåande del av ei køyrebane som er fråskild ved oppmerking, eller er breitt nok til trafikk med ei bilrekkje.[1] Som regel køyrer køyretøya i eit køyrefelt i same retning.

Ontario Highway 401 i Greater Toronto med til saman 17 køyrefelt.

Vegar kan ha ulike tal køyrefelt:[1]

  • 1-feltsveg har eitt køyrefelt og møteplassar for køyretøy med motgåande køyreretningar.
  • 2-feltsveg har to køyrefelt, eit for kvar køyreretning. Mellom dei to felta er det gjerne markert ei senterlinje.
  • 4-feltsveg har fire køyrefelt, typisk to for kvar køyreretning. Køyreretningane kan vera fråskilde av fysiske stengsel eller ei sperrelinje det ikkje er lov å kryssa. Køyrefelta i same retnng kan vera skilde av ei skillelinje.

Køyrefelt kan også ha særskilde reglar, som at dei berre kan brukast av kollektivtrafikk eller syklar, eller at dei skal brukast om ein vil køyra ein viss stad.

Galleri endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Definisjonsliste for Statens vegvesens håndbøker», Statens vegvesen (på norsk bokmål), henta 26. februar 2020