Sykkel

pedaldriven, tohjula køyregreie
(Omdirigert frå Syklar)

Ein sykkel er ei fargreie med eitt eller fleire hjul som er montert etter kvarandre på ei ramme. Sykkelen får framdrift ved hjelp av muskelkraft. Dette skjer anten ved å sparke den framover, eller ved at krafta blir overført frå beina via pedalar, tannhjul og kjede til hjula.

Damesykkel frå 1889

Sykkelen har vore og er ein svært mykje brukt måte og ta seg fram på i mange delar av verda, da særleg i fattigare land. I vestlege land har den i stor grad måtte vike for bilar, men sykkelen som ein måte å ta seg fram på har fått meir fokus etter at problema med global oppvarming og forureining har vorte meir tydelege.

Historie endre

 
Utviklingslinje for syklar.
 
Modell av Karl Drais si «springemaskin» frå 1817.
Foto: Andreas Praefcke

Oppfinninga av sykkelen kan ikkje tilskrivast éin bestemt person. Det føregjekk ei utvikling der pedalar, kjedetrekk, diamantråma, gummihjul og gir gradvis vart tilføydde sparkesykkelen, som var den fyrste konstruksjonen som likna syklane vi har no.

Det er heller ikkje sikkert kven som oppfann sparkesykkelen. Det skal finnast teikningar laga av Leonardo da Vinci-eleven Giacomo Caprotti som førestiller ein sykkel, men det er omstridd om det er ei forfalsking, og om konstruksjonen faktisk kunne fungere som ein sykkel. Andre kjelder oppgjev greven av Sivac som oppfinnaren, då han i 1791 skal ha konstruert ein sparkesykkel, også denne teorien er omstridd.

Langt meir pålitelege er historiene om tyske Karl Drais, som i 1817 fann opp det som heiter «dresin». Her var det snakk om ein tohjula sparkesykkel der syklisten sat overskrevs og sparka seg fram ved å setje føtene i bakken. Denne sykkeltypen skal ha vorte produsert i fleire tusen eksemplar.

Den fyrste pedaldrevne sykkelen vart konstruert av skotten Kirkpatrick Macmillan i 1839. Pedalane drog i bakhjulet ved hjelp av strengar, og hadde ikkje kjede. Denne typen vart plagiert av mange, men slo ikkje breitt gjennom.

Rundt 1860 sette ein franskmann pedalar rett på framhjulet. For å kunne køyre fortare, auka ein storleiken på framhjulet, og dermed vart den karakteristiske «veltepetteren» (velosipeden) utvikla. Denne sykkeltypen vart svært utbreidd.

Sykkelen med kjedetrekk til bakhjulet vart funnen opp i 1879, men vart fyrst utvikla i ei populær utgåve i 1885. Denne typen var mykje lettare å stige på og av enn velosipeden, og vart difor kjend som «tryggleikssykkelen». Ved å ha større tannhjul framme enn bak på kjeda var det framleis mogleg å halde høg fart. Det er grunnkonstruksjonen i denne sykkeltypen som stort sett tilsvarar dagens syklar.

Engelskmannen Joseph Lucas konstruerte i 1879 ei oljelykt som ein kunne montere på akslinga. Den vart kalla navlykt og var den fyrste eigentlege sykkellykta. Mange ulike løysingar dukka etter kvart opp, og både stearin- og karbidlykter vart brukt før den første elektriske lykta såg dagens lys i USA i 1898.

Norske sykkelmerke endre

Det har vore produsert mange syklar i Noreg. Her er somme av dei[1]

Bakgrunnsstoff endre

Referansar endre