Küsnacht

kommune i Sveits

Küsnacht er ein kommune i distriktet Meilen i kantonen Zürich i Sveits. Kommunen har 13 499 innbyggjarar (2010) og eit areal på 12 km². Kommunesenteret ligg 413 meter over havet, ved nordbreidda av Zürichsjøen, om lag sju kilometer søraust for bysentrum i Zürich.

Küsnacht
Horisonten til Küsnacht
Horisonten til Küsnacht
Kommunevåpenet til Küsnacht
Kommunevåpenet til Küsnacht


Plassering
Küsnacht is located in
Styresmakter
Land  Sveits
Kanton kantonen Zürich
Distrikt Meilen
Språk tysk
Borgarmeister Max Baumgartner
Geografi
Flatevidd
 - kommune

12,35 km²
Innbyggjarar
 - kommune (desember 2010)
   - folketettleik

13 499
  1 093 /km²
Koordinatar 47°19′0″N 8°35′0″E / 47.31667°N 8.58333°E / 47.31667; 8.58333
Høgd over havet 413 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 8700
Nettstad: www.kuesnacht.ch
Utsyn mot Küsnacht frå Zürichsjøen

Thomas Mann busette seg i Küsnacht etter han i 1933 hadde emigrert frå Hitler-Tyskland. I dag er kommunen ein av dei kommunane i distriktet som på folkemunne ber kallenamnet Gullkysten, grunna høge bustadprisar og rikfolk som har eigedomar der.

Kommunen må ikkje forvekslast med kommunen Küssnacht i kantonen Schwyz.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre