Opna hovudmenyen
Zürich
Tysk: Zürich
Fransk: Zurich
Wappen Zürich matt.svg
Våpenet til Zürich
Karte Lage Kanton Zürich 2015.png
Kart som viser kor i Sveits Zürich ligg.

Hovudstad Zürich
Språk tysk
Folketal 1 371 007 (2011)
Areal 1 729 km²
Folketettleik 793/km²
Forkorting ZH
Kanton sidan 1291
Høgaste topp 1292 m (Schnebelhorn)

Zürich er ein kanton i det nordlege Sveits. Kantonen har eit areal på 1 729 km2 og hadde 1 371 007 innbyggarar i 2010. Zürich er den mest folkerike kantonen i Sveits. Byen Zürich er hovudstad i kantonen.

Utsyn over delar av byen Zürich

Zürich slutta seg til det sveitsiske eidsforbundet i 1353, og høyrer såleis med til «dei åtte gamle stadene».

Innhaldsliste

GeografiEndra

Kart over dei tolv distrikta i kantonen Zürich

Kantonen grensar i nord til delstaten Baden-Württemberg i Tyskland, og til kantonane Schaffhausen i nord, Thurgau og St. Gallen i aust, Schwyz og Zug i sør og til Aargau i vest. Høgste fjellet er Schnebelhorn, 1 292 meter over havet, på grensa mot kantonen St. Gallen. Lågastliggande punktet er på Rhinen ved Weiach, 330 moh. Zürichsjøen, i sørdelen av kantonen, er den einaste større innsjøen.

Språk og samfunnEndra

Tysk er skriftspråk i Zürich, medan zürichtysk, ein variant av sveitsartysk, er talemålet. Reformatoren Huldrych Zwingli vart i 1519 prest i Grossmünster i byen Zürich, og trass i at han vart drepen i 1531, vart heile kantonen verande protestantisk. I dag er 43% av innbyggarane protestantar, dei fleste av desse er medlem av Schweizer Reformierte Kirchen. 31% soknar til den romersk-katolske kyrkja, som følgje av stor innvandring til kantonen frå Sør-Europa.

Distrikt og kommunarEndra

Kommunekart over kantonen Zürich

Zürich består av 12 distrikt (bezirke), som er delt opp i til saman 171 kommunar. Dei tolv distrikta har namn etter adminstrasjonsbyen, og er Zürich, Affoltern, Andelfingen, Bülach, Dielsdorf, Dietikon, Hinwil, Horgen, Meilen, Pfäffikon, Uster og Winterthur.

HistorieEndra

Kantonen Zürich består av land som byen Zürich kjøpte etter at han i 1218 vart fri (reichfrei) det direkte keisarstyret. Oppkjøpa var særleg omfattande etter lauga i byen gjorde opprør i 1336. I 1351 slutta Zürich seg til det sveitsiske eidsforbundet. Den lågareliggande delen av kantonen vart innlemma i 1362. Dei nordlege delane av kantonen, opp til elva Rhinen, vart lagt til kantonen då byen Zürich i 1468 kjøpte Winterthur frå habsburgarane. I 1803 fekk landområde vest i kantonen høve til å knyte seg til kantonen Aargau.

Under ei folkeavrøysting i februar 2005 godkjende folket i Zürich ei ny grunnlov for kantonen. Den nye grunnlova, som trådde i kraft januar 2006, erstatta ei grunnlov frå 1869.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra