Distriktet Meilen

Meilen er eit av dei tolv distrikta i den tysk-talande kantonen Zürich i Sveits. Distriktet ligg på nordbreidda av Zürichsjøen. Meilen ligg sør i kantonen, og har ei kort grense mot kantonen St. Gallen. Distriktet hadde 96 925 innbyggarar per 31. desember 2010, og dekker eit areal på 85 km2. Byen Meilen, som ligg i sentralt i distriktet, er hovudstad.

Meilen
Bezirk Meilen
distrikt
Land  Sveits
Kanton kantonen Zürich
Hovudstad Meilen
Areal 84,64 km²
Folketal 96 925  (31. desember 2010)
Kommunar 11
Kart
Distriktet Meilen
47°16′00″N 8°40′00″E / 47.266666666667°N 8.6666666666667°E / 47.266666666667; 8.6666666666667
Wikimedia Commons: Meilen (district)

Distriktet omfattar elleve kommunar. Dei er Erlenbach, Herrliberg, Hombrechtikon, Küsnacht, Männedorf, Meilen, Oetwil am See, Stäfa, Uetikon am See, Zollikon og Zumikon.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Distriktet Meilen