Kantonen Schwyz
Schwyz Tysk: Schwyz Fransk: Shwytz Italiensk: Svitto Retroromansk: Sviz | |
---|---|
![]() | |
![]() | |
Hovudstad | Schwyz |
Språk | tysk |
Folketal | 146 730 (2011) |
Areal | 908 km² |
Folketettleik | 162/km² |
Forkorting | SZ |
Kanton sidan | 1291 |
Høgaste topp | 2802 m (Bös Fulen) |
Schwyz er ein kanton i det sentrale Sveits. Han har eit areal på 908 km² og hadde 144 686 innbyggarar i 2009. Byen Schwyz er hovudstad i kantonen.
Schwyz er ein av dei tre urkantonane som har vore med i det sveitsiske eidsforbundet sidan landet vart danna i 1291. Både namnet og flagget til Sveits stammar frå denne kantonen.
Geografi endre
Schwyz grensar i nord mot kantonane Zug og Zürich, i nordaust mot St. Gallen, i aust mot Glarus, i sør mot Uri og i vest mot Luzern. Delar av Vierwaldstättersjøen, Zugsjøen og Zürichsjøen ligg i kantonen.
Landskapet er meir prega av åsar enn fjell. Om lag tre fjerdedelar er produktive landområde, 26% av flatevidda er skogdekt. Høgste fjellet, Bös Fulen på 2 802 moh, ligg på grensa mot Glarus.
Språk og samfunnn endre
Skriftspråket i Schwyz er tysk, talemålet høyrer til den sveitsartyske dialekta. 17,2% av innbyggarane er utanlandske statsborgarar. 72% av folket er romersk-katolske, medan 13% soknar til protestantismen.
Distrikt og kommunar endre


Schwyz består av 6 distrikt (Bezirke), som er delt opp i til saman 30 kommunar. Dei seks distrikta er: Einsiedeln, Gersau, Höfe, Küssnacht, March og Schwyz.
Historie endre

Germanarar vandra inn i området for om lag 1 400 år sidan. Desse var ganske snart omvende til kristen tru. I det 10. hundreåret hadde klosteret i Einsiedeln utvida si makt over heile det omkringliggande landområdet. Handelen over Gotthardpasset var då ein viktig økonomisk faktor i Schwyz.
Den 1. august i 1291 slutta Schwyz seg, saman med kantonane Uri og Unterwalden, til Rütiavtalen, noko som vert rekna for grunnlegginga av Sveits. Schwyz hadde til 1320 ei leiande rolle i samanslutninga, og ei forvansking av namnet på kantonen vart i 1803 namnet på konføderasjonen Sveits. Det sveitsiske flagget er identisk med flagget til Schwyz.
Schwyz sette seg mot reformasjonen. I slaget ved Kappel i 1531 sigra Schwyz-hæren over hæren til reformasjonsleiaren Huldrych Zwingli. Zwingli sjølv var ein av dei som fall i slaget.
Mellom 1798 og 1803 var Schwyz med i republikken Helvetia, danna av Napoleon. I 1845 gjekk kantonen saman med dei andre katolske kantonane i eit Sonderbund, ein utbrytar frå den sveitsiske konføderasjonen. Etter ein kort borgarkrig hausten 1847 vart separatistkantonane slegne, og i 1848 var Schwyz ein av kantonane som gjekk med i den nydanna føderalstaten.
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «Kanton Schwyz» frå Wikipedia på tysk, den 10. august 2011.