Opna hovudmenyen
Kabaddispel («sadugudu sadugude») i Tamil Nadu.

Kabaddi (også kabadi, kabbadi) er eit sørasiatisk lagspel med tikking der ein spelar frå eit lag krysser over til motspelarane sin banedel og prøver å tikka dei medan han roper «kabaddi» eller liknande utan pause. Motspelarane på si side prøver å halda han att til han må trekkja pusten.

Kabbadi er kjend frå heile Sør-Asia, medrekna Sri Lanka, India, Bangladesh og Pakistan. Det finst også i Thailand, Malaysia og i fleire andre land der det er blitt innført i nyare tid. Spelet har mange ulike namn, ofte etter kva spelaren som krysser midtlinja må ropa: «Gudu» på Sri Lanka, «tsjedu-gudu» og liknande i Sør-India, «ha-do-do» i Aust-India og Bangladesh, «hu-tu-tu» i Vest-India og «kaunbada» i delar av Nord-India.[1] Det er kjend som «theechub» i Thailand.

Innhaldsliste

SpelEndra

 
Kabaddispel på rund bane i Canada.
 
Kabaddi som strandspel. Ein spelar er fanga.

Kabaddi blir spelt på ein bane med kvart lag på ulike sider av ei midtlinje. Enkeltspelarar kryssar linja medan dei gjentek eit rop - som «kabbadi, kabbadi» - og prøver å tikka folk på det motsette laget. Dei må venda tilbake til si side utan å trekka pusten eller bli fanga av motstandarlaget.

Kabaddi finst i fleire utgåver. Det kan spelast på ein rund eller ein firkanta bane, eller som strandspel.[1] Den firkanta banen er blitt del av det moderne standardspelet, der ein også har fastsett at kvart lag skal ha sju spelarar. I konkurransespel speler ein to omgangar på 20 minutt med ein femminutts pause imellom. Ein speler tradisjonelt berrbeint, men i nyare tid er det introdusert skotøy.[2]

Det finst tre hovudmåtar å spela på. I amar blir poeng gjevne til motspelarlaget når ein spelar blir tikka, går ut av banen eller blir fanga.

I surjaveeni blir ein spelar «ute» og motspelarane får poeng om noko av dette skjer. Har dei ein person som er ute, kan han også koma inn i spelet at. I gaminee blir spelarane «ute» og blir verande slik til omgangen ender.[1]

SogeEndra

 
Abhimanyu bryt gjennom fienderekkjene på Kuruksjetra.

Spelet kan ha gamle røter. Det blir ofte likna med ei hending i det klassiske eposet Mahabharata. Her bryt krigshelten Abhimanyu seg gjennom sju av fienden sine linjer under slaget ved Kuruksjetra, men maktar ikkje å slost seg tilbake til sine eigne linjer att.[1] Spelet var i alle høve ein del av mange vediske guru-skular (gurukul) gjennom mange år.

Kabbadi fekk formelle reglar i 1918 som først blei gjevne ut i 1923. Det blei halde ein demonstrasjon av spelet ved OL i Berlin i 1936, og i 1938 var det del av dei Indiske olympiske leikane i Calcutta. Spelet blei del av den nasjonale skulemeisterkskapen i India i 1962.

Den indiske kabbadi-føderasjonen blei skipa i 1950. Han arrangerte meisterksap for menn frå 1952 og for kvinner frå 1955. Ein ny organisasjon, Amateur Kabaddi Federation of India, blei skipa i 1972 og bidrog til å spreia idretten vidare i verda. Asian Amateur Kabaddi Federation blei danna i 1978 og International Kabaddi Federation (IKF) blei skipa i 2004.[2]

StatusEndra

 
Kabaddispel i Bangladesh, der spelet er nasjonalidrett.

Kabbadi blei utnemnd til bangladeshisk nasjonalidrett i 1972.

Frå 1990 har nasjonallag konkurrert i idretten i Asian Games. Spelet blei teke med i Asian Indoor Games i 1997 og Asian Beach Games i 1998.[3]

Den første verdscupen i kabaddi blei halden i Mumbai i 2004. Lag frå land i Asia, Europa og Nord-Amerika deltok.

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Game History», KABADDI ASSOCIATION OF KUALA LUMPUR.
  2. 2,0 2,1 «International Kabaddi», Amateur Kabaddi Federation of India, West Bengal State Unit
  3. http://www.kabaddiikf.com/

BakgrunnsstoffEndra