Kabaddi
Kabaddi (også kabadi, kabbadi) er eit sørasiatisk lagspel med tikking der ein spelar frå eit lag krysser over til motspelarane sin banedel og prøver å tikka dei medan han roper «kabaddi» eller liknande utan pause. Motspelarane på si side prøver å halda han att til han må trekkja pusten.
Kabbadi er kjend frå heile Sør-Asia, medrekna Sri Lanka, India, Bangladesh og Pakistan. Det finst også i Thailand, Malaysia og i fleire andre land der det er blitt innført i nyare tid. Spelet har mange ulike namn, ofte etter kva spelaren som krysser midtlinja må ropa: «Gudu» på Sri Lanka, «tsjedu-gudu» og liknande i Sør-India, «ha-do-do» i Aust-India og Bangladesh, «hu-tu-tu» i Vest-India og «kaunbada» i delar av Nord-India.[1] Det er kjend som «theechub» i Thailand.
Spel
endreKabaddi blir spelt på ein bane med kvart lag på ulike sider av ei midtlinje. Enkeltspelarar kryssar linja medan dei gjentek eit rop - som «kabbadi, kabbadi» - og prøver å tikka folk på det motsette laget. Dei må venda tilbake til si side utan å trekka pusten eller bli fanga av motstandarlaget.
Kabaddi finst i fleire utgåver. Det kan spelast på ein rund eller ein firkanta bane, eller som strandspel.[1] Den firkanta banen er blitt del av det moderne standardspelet, der ein også har fastsett at kvart lag skal ha sju spelarar. I konkurransespel speler ein to omgangar på 20 minutt med ein femminutts pause imellom. Ein speler tradisjonelt berrbeint, men i nyare tid er det introdusert skotøy.[2]
Det finst tre hovudmåtar å spela på. I amar blir poeng gjevne til motspelarlaget når ein spelar blir tikka, går ut av banen eller blir fanga.
I surjaveeni blir ein spelar «ute» og motspelarane får poeng om noko av dette skjer. Har dei ein person som er ute, kan han også koma inn i spelet at. I gaminee blir spelarane «ute» og blir verande slik til omgangen ender.[1]
Soge
endreSpelet kan ha gamle røter. Det blir ofte likna med ei hending i det klassiske eposet Mahabharata. Her bryt krigshelten Abhimanyu seg gjennom sju av fienden sine linjer under slaget ved Kuruksjetra, men maktar ikkje å slost seg tilbake til sine eigne linjer att.[1] Spelet var i alle høve ein del av mange vediske guru-skular (gurukul) gjennom mange år.
Kabbadi fekk formelle reglar i 1918 som først blei gjevne ut i 1923. Det blei halde ein demonstrasjon av spelet ved OL i Berlin i 1936, og i 1938 var det del av dei Indiske olympiske leikane i Calcutta. Spelet blei del av den nasjonale skulemeisterkskapen i India i 1962.
Den indiske kabbadi-føderasjonen blei skipa i 1950. Han arrangerte meisterksap for menn frå 1952 og for kvinner frå 1955. Ein ny organisasjon, Amateur Kabaddi Federation of India, blei skipa i 1972 og bidrog til å spreia idretten vidare i verda. Asian Amateur Kabaddi Federation blei danna i 1978 og International Kabaddi Federation (IKF) blei skipa i 2004.[2]
Status
endreKabbadi blei utnemnd til bangladeshisk nasjonalidrett i 1972.
Frå 1990 har nasjonallag konkurrert i idretten i Asian Games. Spelet blei teke med i Asian Indoor Games i 1997 og Asian Beach Games i 1998.[3]
Den første verdscupen i kabaddi blei halden i Mumbai i 2004. Lag frå land i Asia, Europa og Nord-Amerika deltok.
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «Game History», KABADDI ASSOCIATION OF KUALA LUMPUR.
- ↑ 2,0 2,1 «International Kabaddi», Amateur Kabaddi Federation of India, West Bengal State Unit
- ↑ http://www.kabaddiikf.com/
- «ORIGIN, HISTORY AND DEVELOPMENT OF KABADDI» Arkivert 2015-08-05 ved Wayback Machine., kabaddiikf.com