Raudsildre (Saxífraga oppositifólia) er ein låg eviggrøn plante i sildrefamilien med karakteristiske motsette småblad og intenst raudfiolette blomstrar.

Raudsildre
Raudsildre
Raudsildre
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophytes
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Sildreordenen Saxifragales
Familie: Sildrefamilien Saxifragaceae
Slekt: Sildreslekta Saxifraga
Art: Raudsildre S. oppositifolia
Vitskapleg namn
Saxifraga oppositifolia
Raudsildrefrø

Utsjånad

endre

Det latinske namnet Saxifraga kjem av saxum, 'berg', og franere, 'sprenge'. Det viser til nyresildra, som har nyreforma blad, og etter signaturlæra då kunne hjelpe mot nyresjukdomar. Ho kunne «sprenge» nyrestein. Oppositifolia tyder: 'med motsette blad'.

Raudsildra har krypande skott med stive blad i fire rader. Ho blomstrar svært tidleg på våren med raudfiolette, toppstilte blomstrar. Ho dannar tette tuver som kan dekke store flater, og frå tuvene sender ho utløparar som ofte heng utover bratte bergskrentar. Til liks med andre planter som veks på tørre heiar har og raudsildra ei lang pælerot.

Raudsildra blomstrar svært tidleg; er snøen djup kan ho blomstre under snøen.

Utbreiing

endre

Ho veks i svært ulike biotopar. Soleis er ho å finne både på tørre forblesne stadar, som moreneryggar, forvitringsgrus, opne reinroseheier og steinete strender. Raudsildra veks og i seine, våte snøleie, og på overrisla mark, helst med kalkrik grunn..

Ho er ein arktisk plante med cirkumpolar utbreiing. I tillegg til at ho finst i arktis, veks ho i alle fjellområde i Europa. Ho er funnen opp til 2350 moh.på Galdhøpiggen. Ho er den blomeplanta som er funna lengst mot nord. På Nord-Grønnland veks ho på 83°15' N ved Fr.E.Hyde-fjorden.

Kultur

endre

Grønlandske inuittar et dei søtlege blomstrane når dei kjem fram om våren. I Noreg er raudsildra eit varsel om vår, og slik gler ho dei som går på ski i fjellet på vårvinteren.

Raudsildre er provinsblomster for Nunavut i Canada, og fylkesblomster i Nordland.

Kjelder

endre

Litteratur

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Raudsildre