Kahytt
Kahytt eller kahytte er ei nemning for opphaldsrom i visse båtar. Opphavleg viste nemninga til ei lita hytte på dekk akterut på båtar eller skip. Seinare var ho brukt med same tyding som lugar eller kabin, altså eit sove- eller opphaldsrom ombord. Ordet kahytt vert no sjeldan brukt, unnateke for opphaldsrommet ombord i småbåtar.
Ordet kahytt kjem frå fransk cajute, ei samanblanding med cahute, som tyder 'rønne'.
Kjelder
endre- Nynorskordboka Arkivert 2016-03-07 ved Wayback Machine.
«kahytt» i Store norske leksikon, snl.no.