Kajana
Kajana (finsk Kajaani) er ein by i landskapet Kajanaland i Finland. Han ligg geografisk midt i landet, på sørsida av innsjøen Ule träsk, og har eit areal på 1 369 km², der 212 km² er vatn. Kajana hadde 35 964 innbyggjarar i 2004.
Kajaanin kaupunki, Kajana stad | |||
---|---|---|---|
| |||
Styresmakter | |||
Land Len Landskap |
Finland Uleåborgs län Kajanaland | ||
Byrettar | 1651 | ||
Geografi | |||
Flatevidd | 1 834,83 km² | ||
Innbyggjarar - By (31. desember 2023) |
35 964 | ||
Koordinatar | 64°13.5′N 027°44′E / 64.2250°N 27.733°E | ||
Tidssone - Ved sommartid |
UTC+2, UTC+03.00 (UTC) UTC+03.00 (UTC) | ||
Diverse anna | |||
Heimeside: www.kajaani.fi | |||
Plassering | |||
Ruinane av Kajana festning ligg ved Kajanaelva, midt i byen. Han vart bygd i åra 1604–1619 som base for eit allereie etablert militærvesen. Byen i seg sjølv vart etablert i 1651 av Per Brahe d.y., i ei tid då trelast og tjøre var dei viktigaste næringsvegane, med skiping via Ule älv til Bottenvika. Russiske styrkar sprengde festninga i mars 1716.
I dag er Kajana ein universitetsby (Kajaani Polytechnic), med trelast og papirindustri som dei viktigaste næringsvegane. Om lag 5 km utanfor byen finn ein Paltaniemi kyrkje, ei trekyrkje frå 1726 med rokokkomåleri av Emanuel Granberg.
Galleri
endre-
Kajana kyrkje
-
Kajana rådhus
-
Kajana jernbanestasjon
Kjelder
endre- «Kajana» på Wikipedia på bokmål og riksmål, innhenta 2. mars 2010.
- «Kajaani» hjå Store norske leksikon, innhenta 2. mars 2010 (lisensiert under CC-BY-SA).