Kajana (finsk Kajaani) er ein by i landskapet Kajanaland i Finland. Han ligg geografisk midt i landet, på sørsida av innsjøen Ule träsk, og har eit areal på 1 369 km², der 212 km² er vatn. Kajana hadde 35 964 innbyggjarar i 2004.

Kajaanin kaupunki, Kajana stad
Horisonten til Kajana
Horisonten til Kajana
Byvåpenet til Kajana
Byvåpenet til Kajana
Styresmakter
Land
Len
Landskap
 Finland
Uleåborgs län
Kajanaland
Byrettar 1651
Geografi
Flatevidd 1 834,83 km²
Innbyggjarar
 - By (31. desember 2023)

35 964
Koordinatar 64°13.5′N 027°44′E / 64.2250°N 27.733°E / 64.2250; 27.733
Tidssone
- Ved sommartid
UTC+2, UTC+03.00 (UTC)
UTC+03.00 (UTC)
Diverse anna
Heimeside: www.kajaani.fi
Plassering
Plassering av Kajana
Plassering av Kajana

Ruinane av Kajana festning ligg ved Kajanaelva, midt i byen. Han vart bygd i åra 1604–1619 som base for eit allereie etablert militærvesen. Byen i seg sjølv vart etablert i 1651 av Per Brahe d.y., i ei tid då trelast og tjøre var dei viktigaste næringsvegane, med skiping via Ule älv til Bottenvika. Russiske styrkar sprengde festninga i mars 1716.

I dag er Kajana ein universitetsby (Kajaani Polytechnic), med trelast og papirindustri som dei viktigaste næringsvegane. Om lag 5 km utanfor byen finn ein Paltaniemi kyrkje, ei trekyrkje frå 1726 med rokokkomåleri av Emanuel Granberg.

Galleri

endre

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Kajana