Kakstryking er ei nemning for ei piskestraff. Den dømde vert bunden til ein påle eller ei støtte av tre eller stein (som vart kalla kak eller kag), ofte festa til ei opphøging eller plattform og piska med ris, det vil seie ein bunt kvister, på berr rygg. Kaken var gjerne plassert på eit torg eller ein annan sentral stad, og kakstrykingane var ei offentleg avstraffing som vart gjennomført medan ålmenta såg på – til skrekk og åtvaring. I større byar var det gjerne fleire kakar. På 1500- og 1600-talet var det to i Bergen, den eine stod framfor rådhuset (Rådstuen), og den andre på torget (frå 1627). Kakstryking gav arr og andre kroppsskader som den piska måtte leve med resten av livet.

Kakstryking vart i Christian Vs Norske Lov av 1687 definert som 27 piskeslag. Straffa vart i fyrste rekkje brukt overfor forbrytarar som var dømde for tjuveri, prostitusjon og ulovleg samleie. Ho kunne også verte kombinert med andre straffereaksjonar, som til dømes fengsel, tukthus eller straffarbeid, tidlegare kalla slaveri.

Kakstryking vart avskaffa som æresstraff i 1815 og som lekamsstraff i 1842. Den eller dei som utførte og var med på kakstryking i Noreg hadde titlar som meistermann, bøddel, nattmann eller rakkar.

Ole Høiland og Gjest Baardsen er mellom dei kjende norske forbrytarane som vart straffa med gjentekne kakstrykingar. Også svært mange kvinner vart kakstrokne fordi dei ikkje kunne betale bøter dei hadde fått for ulovleg samleie, eller fordi dei etter gjentekne brotsverk vart dømde til kakstryking og fengsel.

Kjelder endre