Kalkulus (også kalla matematisk analyse) er ei grein innanfor matematikken som tek for seg ideen om grenser. Denne greina blir brukt til å analysere og undersøkje endring av verdiar av matematiske funksjonar. Kalkulus er generelt sett delt inn i to område: integrasjon og derivasjon. Derivasjon blir nytta til å finne eit stigningstal til ein funksjon. Dette er å derivere. Integrasjon er å gjere den motsette operasjonen, anti-derivasjon, og blir brukt til å finne areal, volum og til å løyse differensiallikningar.

DerivasjonEndra

Hovudartikkel: Derivasjon

 
Det deriverte uttrykket for ein funksjon kan uttrykkast som ein tangent

Derivasjon er eit område innanføre kalkulus der ein finn det momentante stigningstalet ved eit vilkårleg valt punkt i ein funksjon. Likninga blir definert som tangenten til punktet. Dersom ein dobbeltderiverer, altså å derivere to gonger, finn ein eit uttrykk som kan brukast til å finne vendepunkt.

IntegrasjonEndra

Hovudartikkel: Integral

Integrasjon blir delt inn i to definisjonar. Eit ubestemt integral blir definert som metoden å anti-derivere. Bestemte integral blir definerte som arealet under grafen til ein funksjon mellom punkta   og   på x-aksen.

KjelderEndra

The Penguin Dictionary of Mathematics, 3. utgåve, ISBN:978-0141010779.
Sigma R2 matematikk, Gyldendal Forlag, ISBN:978-82-05-38002-8