Kallithéa
Kallithéa Lokalt namn Καλλιθέα | |
---|---|
Geografi | |
![]() | |
Stad | Aten |
Koordinatar | Koordinatar: |
Areal | 4,749 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining |
Attikí Sør-Aten |
Hovudsete | Kallithéa (100 641 innb.) |
Demografi | |
Folketal | 100 641 (2011[1]) |
Folketettleik | 21 192 /km² |
Kallithéa (gresk Καλλιθέα) er den åttande største kommunen i Hellas med vel 100 000 innbyggjarar og den fjerde største i storbyområdet til Aten i Attikí etter Aten sjølv, Pireus og Peristéri. Kommunen inngår i byområdet til Aten, og høyrer frå 2011 administrativt til periferieininga Sør-Aten i periferien Attikí.[2]
Sentrum av Kallithéa (Davákisplassen) ligg 3 km sør for sentrum av Aten (Sýndagmaplassen) og 3 km nordaust for Pireus sentrum (Koráisplassen). Kallithéa strekkjer seg frå Filopáppou- og Sikelíaåsane i nord til Fálirobukta i sør. Frå aust til vest strekkjer han seg frå gata Syngroú i aust (ved grensa til Néa Smýrni og Paleó Fáliro) til elva Ilisós i vest (ved grensa til Távros og Moskháto).
Planane for opprettinga av Kallithéa vart offisielt lagt i desember 1884. Fleire øvingar i dei olympiske leikane både i 1896 og 2004 vart lagt til Kalithéa. Mellom desse to leikane voks byen mykje. I 1920-åra kom mange flyktningar til staden etter den gresk-tyrkiske krigen 1919-1922.
Kallithéa huser i dag to universitet (Kharokópio og Pándion), fleire kulturinstitusjonar og sportsklubbar. Innan fotball er Kallithéa FC mest kjend av desse.
ReferansarEndra
- ↑ Folketeljing 2011, revidert
- ↑ Kallikratis-reforma (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 22. november 2010, henta 22. november 2010
BakgrunnsstoffEndra
KjeldeEndra
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Kallithea frå Engelsk Wikipedia .