Kamban forlag
Kamban forlag var eit norsk forlag eigd av Hans S. Jacobsen. Det var eit av dei såkalla «NS-forlaga» saman med Blix forlag, Atlantic forlag, Viking forlag, Stenersens Forlag og Centralforlaget.
Før andre verdskrig hadde forlaget namn etter Jacobsen sitt tidsskrift, Ragnarok. Forlaget utvikla seg under okkupasjonen til eit sjølvstendig nasjonalsosialistisk forlag med personleg profil. Ikkje minst vart forlaget prega av litteratur av og for frontkjemparane, med forfattarar som Per Imerslund, Olav Arnesen, Bernhard Bolsmo og Oscar Barth. Halldis Neegaard Østbye gav òg ut bøker på Kamban, likeeins Kåre Bjørgen; dessutan utkom fleire barnebøker prega av nasjonalsosialistisk ideologi. Under rettsoppgjeret etter andre verdskrig fekk forlaget midlar inndrege og konfiskert. Seinare starta Jacobsen opp på nytt under namnet Store Bjørn Forlag der han m.a. utgav Ralph Hewins si bok om Quisling.
Forfattarar knytt til Kamban
endreBøker gitt ut på Kamban
endrePegasus på flukt, Lars Hansen (1940)
- Jeg flyktet fra England, Willy Bjørneby (1941)
- Eld og blod, Kåre Bjørgen (1941)
- Det står et berg, Mita Hartmann (1941)
- Norwegen (1943)
- En musikus, Mita Hartmann (1943)
- Videre i passgang, opplevelser i Mexico og Spania, Per Imerslund (1944)
- Djala den dumme F. Faye og R. Qvam (1944)
- Karavanen ved Den persiske bukt – F. Steuben (1944)
- Rappfot og Pilgjente, F. Steuben (1944)
- Den flygende pil, F. Steuben (1944)
- Den røde storm, F. Steuben (1944)
- Tecumseh, bergløven, F. Steuben (1944)
- Den strålende Stjerne, F. Steuben (1944)
- Manito's sønn, F. Steuben (1944)
- Tecumsehs død F. Steuben (1944)
- Slik talte Zarathustra, Friedrich Nietsche (1944)
- Oscar Bangs dagbok fra en overvintring 1938-39 på Nordøst-Grønland (1944)
- Stifinnere Bjørn Bruse (Erling Hauger)(1945)
Kjelder
endre- NorgesLexi Arkivert 2012-03-01 ved Wayback Machine.
- Ringdal, N.J./Larsen, T.H.: Kultur og kommers, Den norske Forleggerforening 1895—1995, 1995