Kampeche eller blåtre (Haematoxylum campechianum) er eit tropisk tre i erteblomfamilien. Det kjem frå Mellom- og Sør-Amerika, der det blir dyrka på grunn av fargestoffet hematoksylin, som finst i den raudsvarte kjerneveden. Kampeche blir brukt til farging av tøy, særleg ull og silke. Med forskjellige beisar gjev det svart, grått, blått, fiolett og raudt.

Kampeche
Kampeche
Kampeche
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophytes
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Erteblomordenen Fabales
Familie: Erteblomfamilien Fabaceae
Slekt: Haematoxylum
Art: Kampeche H. campechianum
Vitskapleg namn
Haematoxylum campechianum

Treet hadde stor økonomisk tyding frå 1600-talet til 1800-talet, då det blei felt og eksportert til Europa for farging av tekstil og papir.[1][2] Det er framleis eit viktig fargemiddel for mikroskopiske preparat.

Kampeche-ekstrakt var også brukt som pH-indikator. Det var brunleg ved nøytral pH, gulraudt i syrlege tilhøve og lilla i basiske tilhøve.[2]

Kjelder

endre
  1. Hofenk de Graff, Judith H. (2004). The Colourful Past: Origins, Chemistry and Identification of Natural Dyestuffs. London: Archetype Books. s. 235. ISBN 1873132131. 
  2. 2,0 2,1 Hammeke, Erin (2004). «Logwood Dye on Paper» (PDF). University of Texas at Austin. Arkivert frå originalen (PDF) 16. september 2006. Henta 5. juli 2008. 

«kampeche» i Store norske leksikon, snl.no.