Kanye West
Ye[a] (fødd 8. juni 1977), opphavleg Kanye Omari West, også kjend som Kanye West, er ein amerikansk rappar, låtskrivar og produsent. Han er ein leiande hiphop-produsent som vart stor stjerne etter solodebuten i 2004.[1] West har sidan debuten vore ein av dei mest framståande og mestseljande artistane internasjonalt.
Historie
endre1996–2008
endreWest voks opp i Chicago-området og gjorde først karriere som produsent for r&b- og hiphop-artistar som Talib Kweli, Brandy, Ludacris, Mariah Carey, Alicia Keys, Janet Jackson og Jay-Z.[1] Den første solosingelen hans «Through The Wire» (2003) handlar om ei nesten-fatal bilulukke som West var involvert i.[1] Denne og dei endå større hitane «All Falls Down» og «Jesus Walks» er henta frå debutalbumet The College Dropout (2004).[1] Late Registration (2005) blei lovprisa av platemeldarar, og selte mykje over heile verda, med hittar som «Diamonds From Sierra Leone», «Gold Digger», «Heard 'Em Say» og «Touch the Sky».[1] Kanye West står også bak suksessen til John Legend, som fekk suksessalbumet Get Lifted utgjeve på plateselskapet hans, GOOD Music.[1] Med albumet Graduation (2007) fekk han hittar gjennom «Stronger» og «Good Life», og frå 808s & Heartbreak (2008) fekk han hittar med «Love Lockdown» og «Heartless».[1]
2010–2011
endreI 2010 gav West ut My Beautiful Dark Twisted Fantasy, det femte studioalbumet sitt, som fekk særs gode kritikkar.[1] I Noreg vart det kåra til årets beste av norske musikkjournalister gjennom «Kritikertoppen 2010». Noikre internasjonale kritikarar hevda at albumet var det beste han hadde gjeve ut. My Beautiful Dark Twisted Fantasy vart følgt opp året etter med Watch the Throne, der West samarbeidde med rapparen og førebiletet Jay-Z. Albumet inneheldt mellom anna storhitten «Niggas in Paris».[1]
2013–2017
endreI 2013 gav West ut sitt sjette studioalbum, det omstridde Yeezus.[1] Tre år seinare vart The Life of Pablo gjeve ut eksklusivt på strøymingstenesta Tidal. Albumet, som har namn etter Pablo Picasso, fekk både lunkne og særs entusiastiske omtalar.[1]
Diskografi
endre- Soloalbum
- The College Dropout (2004)
- Late Registration (2005)
- Graduation (2007)
- 808s & Heartbreak (2008)
- My Beautiful Dark Twisted Fantasy (2010)
- Watch the Throne (2011)
- Yeezus (2013)
- The Life of Pablo (2016)
- Ye (2018)
- Donda (2021)
Privatliv
endreKanye West var gift med realitykjendisen Kim Kardashian frå 2014 til 2022. Dei har fire barn saman.[2]
Namn
endreWest søkte om å endra namnet sitt til berre «Ye» i august 2021, utan noko etternamn.[3] Løyvet blei gjeve i oktober 2021. West hadde ytra ønske om å gjera dette i fleire år tidlegare, og nytta Ye som kallenamn.[4] I tillegg har ordet ei viktig rolle i King James-omsetjinga av Bibelen.[5] «In the Bible it means 'you'. So, I'm you. I'm us. It's us. It went from being Kanye, which means the only one, to just Ye.»[6]
Merknader
endreKjelder
endre- ↑ 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 1,10 Jon Vidar Bergan og Audun Kjus Aahlin (13. september 2017). «Kanye West». Store norske leksikon. Henta 26. april 2018.
- ↑ Wenger, Stephanie (29. november 2022). «Kim Kardashian and Kanye West Finalize Divorce, Rapper Must Pay $200K Per Month in Child Support». People. Henta 30. november 2022.
- ↑ Tapp, Tom (18. oktober 2021). «Kanye West Officially Changes His Name To "Ye," With Judge's Approval Today». Deadline (på engelsk). Henta 18. oktober 2021.
- ↑ Henderson, Cydney (18. oktober 2021). «It's official: Kanye West legally changes name to Ye for 'personal reasons,' reports say». USA Today (på engelsk). Henta 19. oktober 2021.
- ↑ Desborough, Jenny (October 19, 2021). «Why Has Kanye West Changed His Name? Meaning Behind Ye Explained». Newsweek (på engelsk). Henta October 20, 2021.
- ↑ Aubrey, Elizabeth (18. oktober 2021). «Kanye West officially changes his name to 'Ye'». The Independent (på engelsk). Henta 19. oktober 2021.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Kanye West» frå Wikipedia på engelsk, den 25. desember 2024.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad Denne musikkartikkelen som har med USA å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.