Opna hovudmenyen
Kapers
Kapers
Kapers
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytina
Orden: Krossblomordenen Brassicales
Familie: Capparaceae
Slekt: Capparis
Art: Kapers C. spinosa
Vitskapleg namn
Capparis spinosa

Kapers (Capparis spinosa) er ein toårig busk med avrunda, ganske tjukke blad og store bleikrosa blomar. Busken er viltveksende i landa omkring Middelhavet, der han trivst på murar og i kystnære urar. Planta er mest kjent for knoppar og frukter ein kan eta.

Kapers
Sylta kapers

Kapers kan òg visa til dei sylta blomsterknoppane frå kapersbusken. Dei uopna knoppane vert lagde i ein lake av vineddik og vert brukt som smakstilsetting i mange matretter og til smørbrød. Det er dei minste knoppane som har den mest utprega delikate smaken.

I 2005 var Marokko, Spania og Frankrike dei tre største eksportlanda for kapers.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra