Sjå òg fisken lake
Lake- eller saltvasspumpe frå 1848 i Bad Kissingen (Tyskland)
Lake- eller saltvasspumpe frå 1848 i Bad Kissingen (Tyskland)

Lake er ei salt- eller sukkerløysing som har vorte brukt til preservasjon og konservering av matvarer.

SaltlakeEndra

Saltlake er vatn som er metta eller nesten metta med salt (NaCl). Han kan nyttast, særleg gjennom historia, til å bevare grønsaker, fisk og kjøt. Saltlake vert òg mykje nytta til å modne halloumi- og fetaost. Sjølv om saltlake kan nyttast til bevaring på same måte som sukker eller eddik er han mykje betre å bruke under transport. Ved å tilsetje salt til vatn minkar dette frysepunktet til vassløysinga og ein kan med mykje større effektivitet transportere varer. Med ein saltkonsentrasjon på 23,3 vert frysepunkt til vatn minka til -21 °C (252,15 K).

Ved 15,5 °C (288,65 K) inneheld metta saltlake 26,4 %, medan han ved 0 °C kan innehalde 26,3% salt.

Når sjøvatn frys til havis, vert saltet i vatnet skild ut og vatnet like omkring isen vert til saltlake. Saltare vatn har høgare tettleik enn mindre salt vatn, så dette kalde, salte vatnet er tungt nok til å søkke heilt til botn av havet og er medverkande til å drive havstraumane i havet. [1]

Salinitet i vatn basert på kor mange promille salt det inneheld
Ferskvatn Brakkvatn Saltvatn Saltlake
< 0, 0,5- 35 35 - 50 > 50

KjelderEndra

  1. Dennis L. Hartmann (1994). Global Physical Climatology. Seattle, Washington, USA: Academic Press. s. 196.