Pengar

(Omdirigert frå Penge)

Pengar (frå norrønt pen(in)gr, sjå og penning) er betalingsmiddel som er lette å handtera og lagra. Dei blir brukte til å betala for varer og tenester, og mogleggjer ein pengeøkonomi framfor ein byteøkonomi.

Pengekauri (Cypraea moneta) er eit skjel kjend for å ha vore brukt som pengar i Stillehavet.

Pengar finst i ulike valutaer i ulike land. Typiske pengar er myntar og setlar. Desse symboliserer ein verdi som samfunnet er blitt einig om, til dømes ved at styresmaktene garanterer for verdien. Medan pengar gjerne er blitt laga av metall eller papir, finst det også døme på bruk av andre ting til pengar, til dømes kauri-skjel. Gjennom historia finst det også mange døme på varepengar, der ein varetype som har ein verdi i seg sjølv også blir brukt som betalingsmiddel.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Pengar
  Denne økonomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.