Adam Smith (172317. juli 1790) var ein skotsk filosof og samfunnsøkonom (sosialøkonom), og blir rekna som grunnleggjaren av økonomisk liberalisme. Adam Smith var fødd i Kirkacaldy i Fife i Skottland. Den eksakte fødselsdatoen hans er ukjend, men han vart døypt 5. juni 1723. Smith vart namngjeten som grunnleggjar av samfunnsøkonomien på grunn av boka Wealth of Nations (på norsk 'Velstanden til nasjonane') skriven i 1776.

Adam Smith

Føddjuni 1723
Kirkcaldy
Død17. juli 1790
Edinburgh
NasjonalitetKongeriket Storbritannia
Områdesamfunnsøkonomi, etikk, politisk filosofi, økonomisk teori, marknadsliberalisme, filosofi, Opplysingstida
Yrkesamfunnsøkonom, faglitterær forfattar, filosof, skribent, universitetslærar, dei franske moralistane, forleggjar
InstitusjonarUniversity of Edinburgh
University of Glasgow
Alma materUniversity of Glasgow
Balliol College
Kirkcaldy High School
DoktorgradsrettleiarFrancis Hutcheson
MedlemRoyal Society
Royal Society of Edinburgh
The Select Society
The Poker Club

Biografi

endre
 
Inquiry into the nature and causes of the wealth of nations, 1922

I 1751 vart Smith utnemnd som professor i logikk ved Glasgow universitet, og året etter vart han professor i moralfilosofi. Som professor underviste han i felta etikk, retorikk, juss og politisk økonomi. I 1759 gav han ut boka The Theory of Moral Sentiments (på norsk 'Moralske kjensler'), som gjorde Smith vidgjeten som filosof både i Storbritannia og på kontinentet, og som kom i heile seks opplag berre i Smith si levetid. Denne boka tok opp kva som styrer kjenslene og handlingane våre, og korleis menneske fungerer i høve til kvarandre i samfunnet.

Smith flytta til London i 1776, der han utgav boka som har den fulle tittelen «An Inquiry into the Nature and Causes of the Wealth of Nations», som omhandlar det forfattaren meiner er dei positive konsekvensane av økonomisk liberalisme. Ho dekte tema som eigeninteresse, korleis marknaden fungerer og kor viktig frihandel og internasjonal spesialisering etter forfattaren sitt syn er.

Hans marknadsliberalisme går ut på at det beste for samfunnet er om politiske styresmakter ikkje får blande seg borti den frie utfaldinga av marknadskreftene og marknadsmekanismen, «lova» om tilbod og etterspurnad. Økonomisk liberalisme har som føresetnad ein kapitalistisk økonomi, med privat eige av dei viktigaste produksjonsmidla. Det er altså eit program for mest mogleg uregulert kapitalisme.

”Wealth of nations” etablerte økonomien som eit eige fag med den frie marknaden som utgangspunkt.

Litteratur

endre

Adam Smith i norsk omsetjing (bokmål)

endre
  • Smith, Adam: Verker i fire bind. Omsatt av Åshild Sonstad. Sonstad Forlag. Trondheim, 2007-8.
  • Smith, Adam: Moralske følelser Bind 1. Omsatt av Åshild Sonstad. Sonstad Forlag. Trondheim, 2006.

Adam Smith i engelsk originalutgåve

endre
  • The Glasgow Edition of the Works and Correspondence of Adam Smith in 7 volumes. Oxford University Press. Oxford, 1976.
  • Theory of Moral Sentiments (1759).
  • An Inquiry into the Nature and Causes of the Wealth of Nations (1776)
  • Essays on Philosophical Subjects (publisert posthumt 1795)
  • Lectures on Jurisprudence (publisert posthumt 1904 / 1976)

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Engelsk Wikiquote har ei sitatsamling som gjeld: Adam Smith
  Commons har multimedium som gjeld: Adam Smith
Sekundærlitteratur om Adam Smith
  • Buchan, James: The Authentic Adam Smith: His Life and Ideas (Norton, 2006)
  • Haakonssen, Knud: Adam Smith. (Ashgate Publishing, 1998)
  • The Cambridge Companion to Adam Smith (Cambridge University Press. Cambridge, 2006)
  Denne økonomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.