Kapp Bojador
Kapp Bojador er eit vestafrikansk forland, på kysten av Vest-Sahara. På arabisk heiter kappet Abu Khatar, som tyder 'far til det farlege', eller Rā's Būjādūr (رأس بوجادور), ei arabisering av Kapp Bojador. Kappet er ikkje tydeleg på kart, men ligg 220 km rett sør for Fuerteventura på Kanariøyane.
Historie
endreRundinga av Kapp Bojador var ein viktig milepel i den portugisiske oppdagarar si utforsking av Afrika på 1400-talet. Ved Kapp Bojador blir Kanaristraumen så sterk at dei som runda forlandet med seglskip aldri kom attende. Sjømenn var dessutan redde for å segle sør om kappet fordi dei trudde at vatnet berre ville bli varmare og varmare inntil det kokte. Dei første europearane som runda kappet og kom attende var portugisiske sjømenn under Gil Eanes i 1434.
Moderne tid
endreEtter Berlinkonferansen i 1884 gjorde Spania krav på eit protektorat, Vest-Sahara, frå Cap Blanc (Ras Nouadhibou) langt sør for Kapp Bojador til eit punkt rundt 200 km nord for det. Sidan 1975, då Spania trekte seg ut, har området vore kontrollert av Marokko, medan opprørsgruppa Polisario har prøvd å få lokal kontroll.
Byane nær Kapp Bojador har vakse gjennom stor tilflytting frå lokale sahrawifolk. Ein sahrawisk flyktningleir i Algerie er kalla opp etter kappet, Daira de Bojador.