Gil Eanes
Gil Eanes (Eannes)[a] var ein portugisisk sjøfarar og oppdagar. Ein veit veldig lite om han, utanom at han reiste på ymse ekspedisjonar på 1400-talet. Eanes var i tenesta til den portugisiske prinsen Henrik Sjøfararen. Med utgangspunkt i Lagos, la Eanes ut på ferder langs kysten av Afrika. På ei ferd i 1433 sigla han langs Vest-Afrika, og nådde Kanariøyane.[treng kjelde]
Gil Eanes | |
Statsborgarskap | Kongedømet Portugal |
Fødd | Lagos i Portugal |
Død | |
Yrke | oppdagar |
Språk | portugisisk |
Gil Eanes på Commons |
Eanes er kjend som den fyrste til å ha sigla forbi Kapp Bojador og koma attende. Oppdaginga i 1434 av ei rute rundt Kapp Bojador markerte for alvor starten på portugisisk utforsking av Afrika. Før ferda til Eanes, trudde mange på ei segn om at havområda sør for Bojador skulle vera spesielt mørke og farlege. Eanes la i 1435 ut på ei ny ferd saman med Afonso Gonçalves Baldaia. Dei sigla kring 30 légua terrestre (144 km), eller så langt som 50 légua terrestre (240 km) sør for Kapp Bojador og nådde kysten av Afrika.[treng kjelde].
Merknadar
endre- ↑ Uttale IPA: [ʒiɫ i'ɐnɨʃ]
Bakgrunnsstoff
endre- http://www.win.tue.nl/~engels/discovery/eannes.html Arkivert 2007-02-08 ved Wayback Machine.
- Gil Eannes: Explorer of Coastal Africa on EnchantedLearning.com