Kapp Kanin (russisk Ка́нин Нос, Kanin Nos) er det nordlegaste punktet på Kaninhalvøya i Russland. Det ligg ytst på eit langt nes som stikk ut mot nordvest, mellom Barentshavet i nord og Kvitsjøen i sør. Grensa mellom dei to hava vert vanlegvis rekna å gå mellom Kapp Kanin i aust og Svjatoj Nos på Kolahalvøya i vest.

Kapp Kanin
nes
Land  Russland
Kart
Kapp Kanin
68°39′31″N 43°16′16″E / 68.658611111111°N 43.271111111111°E / 68.658611111111; 43.271111111111

Klimaet er arktisk og vegetasjonen består i regelen av tundra. På Kapp Kanin ligg eit fyrtårn, ein vêrstasjon og eit radiofyr for sjø- og luftfart. Det vert drive noko reindrift i området. Kysten ved Kapp Kanin er bratte skrentar på 15-27 meters høgde, og det går sterke havstraumar rundt neset.

Kjelder endre