Kapp Mary Harmsworth
80°35′58″N 44°54′45″E / 80.59944°N 44.91250°E
Kapp Mary Harmsworth | |||
nes | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Kapp Mary Harmsworth 80°35′37″N 44°53′06″E / 80.593741666667°N 44.885130555556°E |
Kapp Mary Harmsworth (russisk Мыс Мэри-Хармсуорт eller Mys Meri Kharmsuort) er eit nes i Aleksandra land i Russland.
Neset er det vestlegaste punktet i Frans Josefs land og ligg ikkje langt frå Viktoriaøya, som geografisk ikkje er ein del av øygruppa.
Kapp Mary Harmsworth vart kalla opp etter kona til Alfred Harmsworth. Han var eit medlem av Royal Geographical Society og hovudsponsor for Jackson-Harmsworth polarekspedisjon til Frans Josefs land i 1894.
Dette er staden den russiske sjømannen Valerian Albanov frå Svjataja Anna kom til i 1914 etter den lange og tragiske ferda over pol-isen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Cape Mary Harmsworth» frå Wikipedia på engelsk, den 14. juli 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Plassering
- Valerian Albanov, In the Land of White Death.
- Jackson-Harmsworth polarekspedisjon
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: